HELSENORGE

Barn som pårørande

Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.

Sykepleiere. Foto.

På sengepostane og poliklinikken er det ressurspersonar som har dette som eit spesielt ansvarsområde.​
Dei er med i ei etablert ressursgruppe for Barn som pårørande. Eit av fokusområda for denne gruppa er å utarbeide gode rutinar og arbeidsreiskap for å inkludere barn og ungdom.

Vi har nå etablert eit tilbod om Familiesamtaler. Dette har vi gode erfaringar med. Personalet har eit tett samarbeid med Kreftforeininga.


Fann du det du leita etter?