Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
brukarmedverknad

Organisering og aktivitetar

Brukarmedverknad

Pasientar og pårørande har verdifulle erfaringar i bruk av helsetenestene. Desse erfaringane er viktige for sjukehuset i utforming av våre tenester. Her får du ein oversikt over sentrale aktivitetar innan brukarmedverknad i Helse Bergen.

Brukarmedverknad i spesialisthelsetenesten handlar om at brukarar (pasient eller pårørande) samarbeider med fagpersonar på ulike nivå i organisasjonen. Slik kan helseføretaket systematisk og kontinuerleg samarbeide med fleire brukargrupper om kvalitetsforbetringar. Dette skjer både på overordna nivå (systemnivå), meir fagspesifikke område (tenestenivå), og i møte med den enkelte pasient (individnivå). B​rukaren har lovmessig rett til å medvirke , og helsetenesta har lovmessig plikt til å involvere brukaren​: «Pasientperspektivet i alt vi gjer» er derfor eit av fokusområda i strategien ​vår.

Organisering av brukarmedverknad i Helse Bergen​​

Brukarutvalet er på systemnivå

Representantane i Brukarutvalet kjem frå fleire brukarorganisasjonar, og er involvert i planlegging av tiltak og tenester som har allmenn betyding. Brukarutvalet har fokus på at våre helsetenester skal vere best mogleg kvalitet for alle brukarar, uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetting. Brukarutvalet er rådgivande organ for administrerande direktør og styret ved Helse Bergen HF i brukarrelaterte spørsmål.​ ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​

Bli meir kjent med  Brukarutvalet i Helse Bergen.​ 

​Ungdomsrådet er på systemnivå

Alle medlemmane  i Ungdomsrådet har erfaring som pasient og/eller pårørande i Helse Bergen. Ungdomsrådet jobbar for å betre sjukehuskvardagen for alle barn og unge som er pasient eller pårørande. Ungdomsrådet er også rådgjevande organ for administrerande direktør og styret i Helse Bergen. ​

Bli meir kjent med Ungdom​srådet i Helse Bergen

​Brukarutvalet og Ungdomsrådet er knytt til Seksjon samhandling 

​​Brukarpanel er på tenestenivå

Alle medlemmane i brukarpanela har spesifikk brukarerfaring frå den avdelinga/klinikken som brukarpanela jobbar for (for eksempel rus, psykiatri, eller somatikk). Hensikta med brukarmedverknad på tenestenivå er å styrke brukerperspektivet i drifta av den bestemte klinikken eller avdelinga. ​

I Helse Bergen er det etablert følgande panel:

Nye satsar er gjeldande frå 01.01.2022: Møtegodtgjersle: kr 1.900,- per brukarutvalsmøte/heildagsmøte (over 4 timer). Møter inntil 4 timer: kr 310,- per time (gjeld telefonmøter, digitale møter, fysiske møter).

Ei avdeling  eller ein klinikk kan ha behov for å komme i kontakt med pasientar eller pårørande som har spesifikk brukarerfaring. Oppdraget kan for eksempel vere å ta del i forbetring og utvikling av rutinar, opplæringsmateriell, nettsider, eller ta del i lærings- og mestringskurs.​ 

Les meir om brukarmedverknad på tenestenivå i elektronisk kval​itetshandbok​​ (PDF)

Kontrakt for brukarmedverkarar på tenestenivå

Erfaringskonsulentar er tilsett i helseføretaket. Deira rolle er å styrke brukarperspektivet i drifta av avdelinga/klinikken. Erfaringskonsulenten  har spesifikk brukarerfaring frå avdelinga/klinikken dei er tilsett i. Dei  kan ha direkte kontakt med pasientar,  ta del i administrative oppgåver, gje råd til leiinga, og vere med i brukarpanelet i eininga. ​

  Møt ein av Haukeland universitetssjukehus sin​e erfaringskonsulentar (video).​

Vi veit at mange pasientar ønsker å ta aktiv del i avgjerder som gjeld eiga behandling. Ei viktig oppgåve for helseføretaket  er å legge til rette for at pasienar skal kunne gjere gode val ut frå sin helsetilstand. For mange pasientar vil det vere både viktig og nødvendig å innolvere pårørande. 

For å ivareta brukarmedverknad på individnivå, har Helse Bergen fokus på:

• God kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell

• God skriftleg kommunikasjon til pasient og pårørande

• Pasientretta forsking


Kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell: 
Helse Bergen arrangerer kurs i klinisk kommunikasjon for sine tilsette. Kursa i klinisk kommunikasjon er basert på m​​etoden 4 gode vaner (4GV). På kursa trenar helsepersonell på grunnleggande ferdigheiter for å utøve god og målretta ​kommunikasjon i møte med pasientar og pårørande. Kursa er tilpassa klinisk personell som sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar, og merkantilt personale som helsesekretærar.​​​

Skriftleg kommunikasjon til pasient og pårørande:​ 
Ein føresetnad for god kommunikasjon er klart språk i brev, journalnotat, og på nettsider mellom sjukehus og pasient. Det er viktig at brukar og helsepersonell har ei felles forståing av pasientens helsetilstand og kva helsetenesa kan tilby.  Det går føre seg eit kontinuerleg forbetringsarbeid i føretaket basert på tilbakemeldingar frå helsepersonell og brukarar. På nettsidene kan einkvar lesar gi tilbakemelding på innhaldet. Målet er at all informasjon til pasientar og pårørande skal vere forståeleg. 

Brukermedverknad i forsking:
Spesialisthelsetenesten skal legge vekt på pasientretta, klinisk forsking i utviklinga av ny diagnostikk og behandling.  Helseføretaket vurderer i kvar enkelt forskingsaktivitet om det er relevant å innvolvere brukarar, og/eller samarbeide med brukarorganisasjonar i i forskingsprosjekta. Eit ekempel er brukarp​anelet som vart etablert i samband med elektrosjokkforsking​.​

 

Sjå film om korleis brukarar bidrar i sjukehuset på ulike nivå:​
 

E-læringskurs i brukarmedverknad  

Her får du  lære kva brukarmedverknad  er, kvifor det er viktig, og korleis brukermedverknad er organisert i Helse Bergen. Kurset passar for alle som er interessert, og tar omlag 15 minutt.
e_læring om  brukarmedverknad
 
 
 

Illustrasjon brukermedverknad. En mann og en kvinne sitter på hver sin snakkeboble med laptop i fanget mens de skriver.

Har du spørsmål eller kommentarar om brukarmedvirkning i Helse Bergen? Ønskjer du å komme i kontakt med ein av brukarane våre? Send oss ein e-post her:-) ​​​


Vi i  Seksjon samhandling​ ​​legg til rette for samarbeid mellom Brukarutval, Ungdomsråd, og panel.​ Oppgåvene blir vurdert i fellesskap og fordelt hensiktsmessig. Det blir lagt vekt på å samarbeid i oppfølging av sakene. 

Sjukehuset spør deg via SMS

Informasjon om brukarundersøking ved sjukehuset
Her kan du lese meir om når sjukehuset sender ut SMS
MOBIL

Kva er viktig for deg?

Du har rett til å ta del i val om eiga behandling. Dette blir kalla samval og blir gjort saman med helsepersonell. Når du skal vere med å velje, spør deg sjølv: Kva er viktig for deg?
Les meir om samval og sjekk samvalsverktøy på helsenorge.no
Illustrasjon fra kampanje - mann spør kvinne; snakkeboble med tekst hva er viktig for deg?format=webp&
Maŋemus ođastuvvon 2024-01-02