Avdeling for rusmedisin tenker at erfaringar som brukarar og pårørande har, er ein unik kompetanse i seg sjølv. Desse erfaringane er heilt nødvendige for å utvikle gode tenester. AFR får i dag hjelp frå menneske med erfaringskompetanse i ulike arbeidsgrupper og faste utval, i tillegg til innan forsking og ved kompetanseutvikling.
Det er viktig at brukarar og pårørande sjølve legg premissa for korleis brukarmedverknad skal sjå ut. Modellen for Erfaringspanel for psykisk helse og rus (opphavleg Erfaringspanel for psykisk helse) vart utvikla på eit kick-off seminar i februar 2015 og er vidareutvikla av Erfaringspanelet sjølv.
I dialogmøte februar 2017 vart det tilsvarande halde eit ope dialogmøte for menneske med bakgrunn frå rus, der det frå brukarane si side vart ønska 1) eit felles Erfaringspanel for psykisk helse og rus på bakgrunn av kor utbreidd det er å ha erfaringar med begge. Fokus skulle vere psykisk helse og ROP-tilstander og 2) eit eige, mindre Ruspanel for særskilde rusorienterte problemstillingar.
Innanfor fagområda psykisk helse og rus er det derfor i dag to brukarpanel.