
Kursa er ein del av Haukeland si satsing på etikk- og kommunikasjon, for å bevisstgjere dei tilsette til å sjå på kommunikasjon som ei ferdigheit ein kan trene på.
– Vi trur dette vil heve kvaliteten på møta vi har med både pasientar, pårørande og medarbeidarar, fortel leiar for prosjektet Klinisk kommunikasjon, Ragnhild Findal Manger. Mål for prosjektet er altså at tilsette i Helse Bergen har høg merksemd om tydinga av god kommunikasjon. I prosjektgruppa sit ei rekkje dokterar og sjukepleiarar frå ulike avdelingar på sjukehuset, for å bidra med sine erfaringar og innspel.
Haukeland har valt å bruke metoden 4 gode vanar, fordi det er eit enkelt og godt kommunikasjonsverktøy, som er forska på og dokumentert at fungerer på mange store institusjoner og sjukehus.
– Konseptet har konkrete punkt som er lett å hugse i ein hektisk arbeidskvardag, moment som utfordrar oss tilsette på kva vi gjer, kvifor vi gjer det og korles vi kan gjere det endå betre. Dette handlar om god pasientbehandling og pasienttryggleik, seier Findal Manger.
Dei fire punkta representerer adferdsmønster knytta til dei ulike fasane i pasientmøta:
1. Investere i byrjinga
Inneber å byggje tillit gjennom å vere høfleg, til stades og vendt mot deg som pasient, samstundes som ein skaffar seg oversikt over helseproblemet du kjem med.
2. Utforsk pasientperspektivet
Dreier seg om å få tak i førestillingane du har som pasient, tankar/måtar å forstå helseplagene på, samstundes prøve å få tak i korleis dette grip inn i kvardagslivet.
3. Vis empati
Handlar om å vise empati, vere følelsesmessig til stades, få tak i det du føler som pasient og gjennom ord og kroppsspråk bekrefte opplevingane dine.
4. Invester i avslutninga
Gje relevant informasjon, involvere deg som pasient i avgjerdene og sjekke ut kva som eventuelt kan hindre etterleving.
– Målet er å bli betre til å kommunisere i alle fasane, og at pasientane får ei betre oppleving når vi pratar saman, uansett sjukdom og erfaring. 4 gode vanar sikrar at pasientane har fått med seg alt som blir sagt, meiner Findal Manger.
I den tidlegare Fotnoten-saka «Å ta pasientens perspektiv under konsultasjon» seier dokter Bård Fossli Jensen at helsepersonell ikkje kan leggje ansvaret for god kommunikasjon over på pasientar. Det er vi som har ansvaret.
Dei fem instruktørane, alle tilsette ved Haukeland, har som mål at treninga er ein naturleg del av kvalitetsarbeidet i føretaket. Kommunikasjon er rett og slett eit verkemiddel for god pasientbehandling, og å bli betre på det er rett og slett eit etisk mål Helse-Bergen vedtok skriftleg 10.03.15. Slikt inkluderer også internettsider og utsmykking av venterom for eksempel.
(Fyrst publisert 29.3.16.)