Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
nyfødt barn med pleiar

Føde- og gynekologisk avdeling Voss

Me legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan føregå så naturleg som mogleg. Vi er ei kombinert føde-/barselavdeling med 2 fødestover og 10 barselsenger fordelt på 6 rom. Det blir fødd omlag 500 born ved avdelinga årleg.

På fødeavdelinga gir vi fødselshjelp til kvinner, som har hatt normale svangerskap og som ventar eit friskt barn. Du kan føda ved Voss fødeavdeling etter fullgåtte 36 veker. Keisarsnitt vert utført av fødselslege når det er medisinske grunnar for det - både akutt og planlagt. Vår hovudoppgåve er å leggje til rette for ei god fødselsoppleving der me vektlegg det normale fødselsforløp, samt tilstreber ein god start for det nyfødde bornet og familien.

Voss føde-/barselavdeling 2 fødestover og 10 barselsenger fordelt på 2 sengsrom og einerom. Vi tilstreber at far/ ledsager skal få vera med mor og barn eit døger etter fødselen. Dersom det er fullt på avdelinga, får diverre ikkje far/ ledsager overnatte.

Jordmødrene arbeider sjølvstendig og har ansvar for ultralydscreening, fødselshjelp og barne og barselstell i samarbeid med hjelpe-/barnepleiar.
På avdelinga møter du også spesialist i fødselshjelp (gynekolog). Anestesi- og operasjonspersonale er tilgjengeleg til ei kvar tid.

Ved Voss fødeavdeling arbeider vi for å ta vare på dei fødane ut frå den enkelte sitt ønskje, behov og situasjon. Dette følgjer vi så sant det ikkje er i strid med det som er praktisk mogeleg, samt medisinsk og etisk forsvarleg.

Kontakt

Telefon

Kun for kvinner i fødsel

56 53 35 70

Slik finn du fram

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Vårt mål for barseltida er å hjelpe dykk til å bli trygge på amming og stell av barnet, og ikkje minst bli kjent med den nyfødde. Me legg vekt på at mor og barn får ro og kvile slik at ho får overskot til den nye kvardagen. 
 
Avdelinga har ei- og tosengsrom. Dersom det er kapasitet i avdelinga, ynskjer me å tilby ledsager overnatting mot ein eigenbetaling. Me tilbyr to ulike alternativ;
 
Døgnpris: overnatting + mat (frukost, lunsj, middag, kaffimat og kveldsmat) for 500 kr per døgn.
Døgnpris: mat utan overnatting (frukost, lunsj, middag, kaffimat og kveldsmat) for 200 kr per døgn. 
 
På barselavdelinga møter du mest truleg igjen jordmora du hadde under fødselen. Det blir høve til å snakke om fødselsopplevinga, gjerne saman med far/ ledsager.
 
Barnet blir undersøkt av lege 2. dagen etter fødselen. 
 
Fysioterapeut kjem til avdelinga for å gje rettleiing i barseløvingar både i grupper og individuelt.
 
Me rår til heimreise når amminga er godt etablert og mor føler seg i stand til å møte kvardagen heime.

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

      Gravid? Vi treng nokre opplysningar frå deg FØR du kjem til oss på ultralyd

      Gå inn i din fødejournal på helsenorge.no og registrer viktig informasjon.
      Les meir her
      ultralyd_foto

      Barseltida på Voss

      Vårt mål for barseltida, er å hjelpe dykk til å bli trygge på amming og stell av barnet, og ikkje minst bli kjent med den nyfødde. Vi legg vekt på at mor får ro og kvile slik at ho får overskot til den nye kvardagen.
      Les meir

      Fødsel

      Fødselen er slutten på mange månader med venting, lengsel og spenning. Endeleg skal de få møte barnet. Fødselen krev stor innsats frå både mor og barn, og er fysisk og psykisk krevjande for begge to. Her kan du lese om kva som møter deg på fødeavdelinga og kva som skjer under ei fødsel.
      Meir om kva som skjer før, under og etter fødselen

      Har du spørsmål om amming?

      Mange nybakte mødrer er bekymra for korleis dei skal få til å amme. Her ønsker vi å gi deg ei innføring i ammestart, og nokre råd om amming som kan vere nyttig den første tida etter at barnet ditt er fødd.
      Les meir om amming