Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Amming

Mange nybakte mødrer er bekymra for korleis dei skal få til å amme. Her ønsker vi å gi deg ei innføring i ammestart, og nokre råd om amming som kan vere nyttig den første tida etter at barnet ditt er fødd.

Kvinne med barn ved brystet. Foto

Kanskje opplever du at det å amme ikkje er så lett som du hadde tenkt deg?

Du er ikkje aleine om dette. Mange mødrer møter på utfordringar ved ammestart fram til amminga er godt etablert.

God ammestart

Anten det er første gongen du ammar eller du har amma før, kan det vere nyttig å lese gjennom denne teksten før du føder eller i løpet av den første barseltida. Vi som jobbar med å rettleie kvinner til å amme, ønskjer å hjelpe deg med å få ein best mogleg ammestart.

Snakk med jordmor/lege i svangerskapet om amming, bruk jordmor, sjukepleiar og barnepleiar på barselavdelinga og jordmor eller helsesjukepleiar på helsestasjonen etter at du og barnet er kome heim, om du har spørsmål eller problem med amming.

Dersom det er spesielle område du uroar deg for, eller du har dårleg erfaring med amming frå tidlegare, ønskjer vi at du fortel dette til oss. Det vil òg vere nyttig for oss å vite om du er operert i brysta dine.

Amming gir store gevinster for mor og barn. Men det er viktig å påpeike at i enkelte tilfelle kan det å slutte å amme, heilt eller delvis, eller at du av ulike grunner har bestemt deg for ikkje å amme, vere det beste alternativet for deg og barnet ditt.

  • Morsmjølka inneheld alle dei viktige næringsstoffa barnet ditt treng
  • Morsmjølka inneheld antistoff som beskyttar barnet mot sjukdom og allergi dei første leveåra
  • Å amme gir viktig og nær kontakt mellom mor og barn
  • Morsmjølk er lettvint (når amminga først er etablert) og billeg

Det er viktig at du bruker så mykje tid som mogleg saman med barnet ditt. De vil då bli raskare og betre kjent med kvarandre og du vil kjenne deg meir trygg ved heimreise frå sjukehuset.

Ha barnet i senga di så mykje som mogleg og la det få mykje hudkontakt. Hudkontakt vil òg kunne bidra til at mjølkeproduksjonen din kjem raskare i gong. Som barselkvinne er det frå naturen si side normalt at du har ein lett søvn med mange avbrot fordi du har eit nyfødd barn å ta hand om.

Å amme hyppig i starten stimulerer mjølkeproduksjonen din. Jo meir barnet ditt syg, jo meir mjølk produserer du. Enkelte  barn ønskjer å få mat ti til tolv gonger per døgn, medan andre barn drikk mindre og nokon meir.

Sjølv om du ikkje trur at du har mjølk, er det gull verdt med dei få dråpane du har og ofte er det nok til å roe barnet. Eit barn som er fullboren, frisk og syg godt, treng vanlegvis ikkje morsmjølktillegg.

Legg barnet til brystet så snart det viser teikn til at det vil suge. Desse teikna kan vere at barnet strekkjer på beina/kroppen, rekkjer ut tunga og gliper med auga. Ikkje vent til barnet begynner å skrike, dette er eit seint signal frå barnet om at det er svoltent.
 

For å unngå infeksjonar er det viktig med god handhygiene. Vi anbefaler at du vasker hendene før amming, dette er spesielt viktig når du er på sjukehuset kor det er mange bakteriar som kroppen din ikkje er kjent med og dermed større risiko for infeksjon. Du bør vere forsiktig med å ta direkte på brystknoppane om du er sår. 

Nikotin går over i morsmjølka. Det beste for barnet ditt og deg sjølv vil vere om du slutter å røykje eller bruka snus.

I alle fall er det bra om du avgrensar røykinga eller snusinga så mykje som mogleg, og om du må røykje er det best å gjere det like etter at du har amma. Då vil det gå lengst mogleg tid frå nikotininntak til du skal amme igjen.

Dersom du har brystimplantat eller har redusert storleiken på brysta dine, kan du likevel amme barnet ditt. Det er viktig at du er ekstra observant på at du får tilstrekkeleg god mjølkeproduksjon, då vi veit at dette kan vere ei utfordring.

Fortell oss gjerne om du er operert i brysta, så vi kan gje deg rett rettleiing og hjelp om du treng det.

​​​Gravide og kvinner som ammar skal som hovudregel bruke så lite medisin som mogleg. Dersom du brukar medisin som legen din har gitt deg, må du ikkje slutte med han utan å ha diskutert det med legen din først.  

Snakk med legen
Du bør heller ikkje endre på dosane / mengda medisin utan at dette skjer i samarbeid med legen din. Det kan vere større fare for barnet og deg å slutte eller endre på medisinar du tek for sjukdomen din, enn det er å utsetje seg for dei biverknader som nokre medisinar kan gje.

Om du blir sjuk og treng medisin du ikkje har brukt før, må du fortelje legen at du er gravid eller ammar. Då kan legen velje type medisin ut ifrå det. Hugs at dette også gjeld kremar til huda, medikament som ikkje er på resept og naturmedisin.

​​Brystspreng
Når mjølkeproduksjonen kjem i gong kan du oppleve at brysta dine blir harde, følast «sprengt» og øm. Får du mykje brystspreng kan det vere litt vanskeleg for barnet å få ut mjølka. Sjå nettsida ammehjelpen.no for råd om brystspreng

Mjølkespreng
Når mjølkeproduksjonen startar, kan det nokon gonger komme «kuler» i brystet. Dette skuldast mjølkekjertlar som hovnar opp, eller at mjølka hopar seg opp. 

Les meir om brystspreng og mjølkespreng

Etterrier
I dagane etter fødselen trekkjer livmora seg saman. Nokon kan oppleve å å det vi kallar etterrier. Etterriene kan vere plagsame og vonde, spesielt når du ammar og særleg hos deg som har fødd før.

Ammehjelp

På Kvinneklinikken har vi ein Ammepoliklinikk. Her jobbar jordmødrer med spesialkompetanse på amming. Vi tar i mot kvinner som opplever problem i starten på amminga. Du kan be om tilvising hit frå din fastlege, jordmor eller helsesjukepleiar. 

Ammepoliklinikken - Barseltelefonen 414 99 042

Relevante lenker

Ammehjelpen.no

Informasjon om morsmelkerstatning - helsenorge.no

Trygg mammamedisin

Amming og medisinbruk - helsenorge.no

Statens legemiddelverk



Gode råd om amming

    Sist oppdatert 03.10.2023