Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barseltida

Vårt mål for barseltida er å hjelpe dykk til å bli trygge på amming og stell av barnet, og ikkje minst bli kjent med den nyfødde. Me legg vekt på at mor og barn får ro og kvile slik at ho får overskot til den nye kvardagen.

Avdelinga har ei- og tosengsrom. Dersom det er kapasitet i avdelinga, ynskjer me å tilby ledsager overnatting mot ein eigenbetaling. Me tilbyr to ulike alternativ;

Døgnpris: overnatting + mat (frukost, lunsj, middag, kaffimat og kveldsmat) for 500 kr per døgn.
Døgnpris: mat utan overnatting (frukost, lunsj, middag, kaffimat og kveldsmat) for 200 kr per døgn.

​Makspris for heile opphaldet er 1500kr. Dvs at dersom du overnattar meir enn tre døgn, skal du ikkje betale for dette.

På barselavdelinga møter du mest truleg igjen jordmora du hadde under fødselen. Det blir høve til å snakke om fødselsopplevinga, gjerne saman med far/ ledsager.

​Barnet blir undersøkt av gynekolog 2. dagen etter fødselen. Dersom ein ynskjer å reise heim før den tid, vert barnet undersøkt tidlegare. Før heimreise vil ein også sjekke høyrsel, fylgje opp med vektkontrollar av barne og tilby badestell.

Fysioterapeut kjem til avdelinga for å gje rettleiing i barseløvingar både i grupper og individuelt.

Sjå gjerne gjennom deira informasjon, råd og tips, i barseltida. 

Generell informasjonTips og råd etter keisersnitt
Me rår til heimreise når amminga er godt etablert og mor føler seg i stand til å møte kvardagen heime

Besøkstidar   
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.
For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.





Sist oppdatert 01.08.2023