Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Ultralydundersøking i svangerskapet, Voss

Alle gravide i Norge skal ha tilbod om rutineultralyd i svangerskapsveke 17-19. Undersøkinga blir gjort for å fastsetje termin, sjå om det er fleire enn eitt foster, sjå kor morkaka ligg, samt å gjere ei undersøking av utviklinga og anatomien til fosteret.

Kva er ultralyd?

Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellege vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden blir fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilder i ultralydmaskinen.

Rutineultralyden blir utført av spesialutdanna jordmor. Du får innkalling til avtale om rutineultralyd etter at vi har fått ei tilvising frå fastlegen, jordmor eller gynekolog.

 

Før

Registrering av opplysningar til fødejournal

Nødvendige opplysningar om deg, partner, om svangerskapet og eventuelle tidlegare svangerskap må vere registrert i fødejournalen i forkant av fødselen.

Vi ønskjer at du fyller ut Innskrivningsskjema fødejournal på helsenorge.no i god tid før du skal på rutineultralyd i veke 18.  Du må logge deg inn på helsenorge.no for å kunne lagre og sende inn skjemaet. Det vil bli lagra ein kopi i Innboks på din profil på helsenorge.no. Dersom det skjer endringar før fødselen må du fylle ut og sende inn skjemaet på ny.

Dersom du ikkje kan sende skjemaet digitalt, kan du skrive det ut frå denne sida og levere det til sjukehuset når du kjem på ultralyd.

Vi ønskjer i tillegg at du alltid tar med deg ditt helsekort for gravide.

Om du har vore til ei ultralydundersøking hos spesialist tidlegare i svangerskapet, er det fint om du tar med deg eventuelle bilder eller anna dokumentasjon.

Ultralydundersøkinga krev ingen førebuing av deg, men vi anbefalar at både du og din partner leser Helsedirektoratets brosjyre før undersøkinga:

Rutinemessig ultralydundersøkelse av gravide


Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Magen må vere avkledd.

For å kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det blir nytta ein gélé på huda som kan kjennast litt kald i starten. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over magen mens ein tar ein serie av bilder. Undersøkinga gjer ikkje ikke vondt.

Ultralyd på medisinsk grunnlag / i kompliserte svangerskap

Føremålet med ultralydundersøking på medisinsk grunnlag er å avklare den kliniske situasjonen eller å overvake eit risikosvangerskap. Dei fleste slike undersøkingar skjer på Gynekologisk poliklinikk (dei tre første månadene av svangerskapet) eller ved Poliklinikk for gravide.

Nokre gangar er det behov for meir avansert diagnostikk. I slike tilfelle blir kvinna tilvist til Seksjon for fostermedisin og ultralyd ved Haukeland universitetssjukehus. I svangerskap der fosteret er sjukt eller det er auka risiko for at dette kan skje, må kvinna følgjast tett opp med hyppige kontrollar og avansert overvaking. Av og til er det også aktuelt å behandle fosteret inne i mors liv.

Prenatal diagnostikk er lovregulert i «Lov om humanmedisinsk bruk av bioteknologi» av 5. desember 2003.

Føremålet med undersøkinga av foster og den gravide er å få informasjon om fosterets genetiske egenskap, påvise eller utelukka sjukdom eller utviklingsavvik hos fosteret.

Tilvising til prenatal diagnostikk ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus skal som regel sendast til Seksjon for fostermedisin og ultralyd, men kan sendast direkte til Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin dersom det er mistanke om arvelege tilstander.

Indikasjonar for prenatal diagnostikk

  • Kvinna er over 38 år
  • Foreldre som tidlegare har fått eit barn med kromosomsjukdom
  • Foreldre som tidlegare har fått eit barn med alvorleg misdannelse/syndrom
  • Foreldre som tidlegare har fått eit barn med alvorleg arveleg sjukdom som det er mogleg å diagnostisere i fosterlivet
  • Foreldre som tidlegare har fått eit barn med alvorleg X-bundet recessiv sjukdom
  • Ein av foreldra er bærarar av ein kromosomanomali eller alvorleg arveleg sjukdom
  • Inntak av eit legemiddel som kan vere skadeleg for fosteret
  • I spesielle tilfelle kor kvinna eller paret er i ein vanskeleg livssituasjon, og der dei meinar dei ikkje vil klare ansvaret for eit funksjonshemma barn
  • Når ultralydundersøkinga har vist tegn på kromosomavvik eller utviklingsfeil hos fosteret

I svangerskapsveke 11 veker til 13 veker og 6 dagar, kan vi bruka ein kombinasjon av ultralyd med måling av fosteret sitt væskesjikt under huda i nakkeregionen (Nuchal translucency. NT) og analyse av ein blodprøve, til å gi ein risikovurdering av fosteret med omsyn til kromosomavvik. Ved sterk mistanke om kromosomavvik kan det vere aktuelt å gå vidare til invasiv diagnostikk.

Kva slags prosedyrar og analysar vi brukar i svangerskapet, er avhengig av indikasjonen.

Invasive inngrep kan vere aktuelt ved for eksempel sterk mistanke om kromosomavvik, mistanke om infeksjon eller anemi (lav blodprosent) hos fosteret.

  • Fostervannsprøve (amniocentese) utfører legen via ultralyd: Blir gjort etter 15 svangerskapveker. Med innstikk via mors mage inn til fostersekken, blir det tatt ut 15 ml fostervatn. Abortrisiko knytta til inngrepet ligg mellom 0,5-1%.
  • Morkakeprøve (Chorion villus sampling, CVS): Blir utført ultralydveiledet. Morkakeprøven taes enten via mors mage eller via livmorhalsen. Dette gjerast etter fullgåtte 10 vekers svangerskap. Abortrisiko er 0,5-1%.
  • Navlesnorsprøve (chordocentese): Blodprøve frå fosterets taes på samme måte som amniocentese. Med samme teknikk kan ein og gje blodoverføring til fosteret.
  • Ved svært mykje fostervatn kan det i nokre få tilfeller vere aktuelt å tappe ut fostervatn. Ein brukar då same teknikk som ved amniocentese (sjå over).

Dei fleste kvinner med gynekologiske problem blir vurdert ved gynekologisk poliklinikk eller hos ein privatpraktiserande gynekolog.

Ein gynekologisk ultralydundersøking foregår vanlegvis med ein ultralyd-probe plassert i skjeden. Men undersøkinga kan i nokre tilfelle bli gjort med ultralyd via buken / magen og ein sjeldan gang, via endetarmen.

Nokre gonger er det behov for meir avansert ultralydundersøking eller ultralydveileda prøvetaking eller tapping. Då blir kvinna tilvist til Seksjon for fostermedisin og ultralyd.

Ved Seksjon for fostermedisin og ultralyd kan vi som eit ledd i utreiing og behandling, ta vevsprøve av svulstar, tappe små symptomgivande cyster, samt abcessar (pussansamlingar) i bekkenet.

Ved infertilitet kan vi undersøke om eggledarane er open.

Etter

Etter undersøkelsen kan du dra hjem.

Kontakt

Voss sjukehus Føde poliklinikk Voss

Kontakt Føde poliklinikk Voss

Oppmøtestad

Føde poliklinikk, Voss sjukehus

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

​​Kantina ligg i 1. etasje mot vest.

Her får du kjøpt nybakte rundstykker, eit rikeleg assortert utvalg av pålegg, små varmrettar og suppe. 

I vekedagane finn du også ein fristande salatbar og den alltid så populære Sjukehuskringla vår (same oppskrifta i over 50 år).

I resepsjonen ved hovedinngangen, 1. høgda, er det automatar med kald drikke, kaffi, eit lite utval snacks og toalettartiklar.

​Betaling med kort, vipps eller kontant.

  

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.