Rehabilitering etter Covid-19
De private rehabiliteringsinstitusjonene som Helse Vest har avtale med, tilbyr rehabilitering etter Covid-19 basert på aktuell problemstilling som pasienten tilvises for.
For meir informasjon, ta kontakt med Regional Vurderingseining for rehabilitering på telefon 55 91 85 40. Du kan også ta kontakt direkte med institusjonen:
Røde kors Haugland Rehabiliteringssenter
Åstveit Helsesenter
LHL-klinikken Bergen
Ravneberghaugen
LHL-klinikken Nærland
Oppfølgingsenheten Frisk
Rehabilitering Vest
For meir informasjon knytt til handtering av Covid-19 og smittevern ved private rehabiliteringsinstitusjonar visar vi til Helse Vest si eiga nettside: sjå her
Huskeliste for tilvising
1. Pasienten sin diagnose og generelle funksjonsnivå
2. Angi problemstillinga (bakgrunn for tilvising) så konkret som mogleg
3. Pasienten sin arbeids/sjukemeldingsstatus
4. Du tilviser til rehabiliteringsinstitusjon i spesialisthelsetenesta. Kva for tiltak er prøvd ut lokalt, i fyrstelinetenesta, og kva for effekt hadde desse?
5. Angi pasienten sitt konkrete mål for rehabilitering ("opptrening/rehabilitering" er for lite spesifikt)
6. Legg ved epikrise(r) frå tidlegare opphald på rehabiliteringsinstitusjon
7. Når pasienten tidlegare har hatt opphald på rehabiliteringsinstitusjon:
a. Kva har lokale oppfølgingsopplegg bestått av?
b. Har det oppstått ei ny problemstilling?
c. Har pasienten sett seg nye mål?
8. Dersom aktuelt, gi opplysingar om smittestatus som krev smitteverntiltak på institusjon (MRSA, ESBL, anna)
Tilvising til somatisk rehabilitering (fysisk helse)
Elektronisk tilvising
Adressa i Norsk helsenett adresseregister er:
Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun).
Tilvisingsskjema per post (pdf)
Barthels ADL-indeks.pdf
Tilvising for andre grupper vurdert av andre
Sjukleg overvekt
Psykisk helse og rus
Private somatiske rehabiliteringsinstitusjonar i regionen
Dine rettar som pasient
Midlertidige endringer i helselovgivningen i forbindelse med Koronapandemien
Fritt behandlingsval
Som pasient har du mange rettar. Her gir vi deg ein kort informasjon om nokre viktige rettar. Fullt oversyn over kva for rettar du har som pasient finn du på
https://helsenorge.no/rettigheter
Vurdering av tilvising
Når du blir tilvist til sjukehus eller ein annan behandlingsstad i spesialisthelsetenesta, vurderer dei om du har rett til behandling eller utgreiing. Vurderinga skal gjerast innan 10 verkedagar. Ved mistanke om alvorlig sjukdom, skal tilbakemeldinga komme raskare.
Rett til ny vurdering
Svaret på tilvisinga bygger på ei medisinsk vurdering gjord av ein spesialist. Dersom du ønskjer å få vurdert helsetilstanden din på nytt ved ein annan behandlingsstad, må du kontakte fastlegen din., som kan sende ei ny tilvising. Du kan sjølv velje kvar den nye tilvisinga skal sendast.
Kontaktlege i spesialisthelsetenesta
Dersom du har ein alvorleg sjukdom som skal bli behandla eller følgt opp over ei viss tid, vil sjukehuset vurdere om du har rett å få tildelt ein kontaktlege. Denne legen vil ha eit særskild ansvar før å følgje opp deg i spesialisthelsetenesta. Du vil få melding frå sjukehuset når du får ein kontaktlege. Sjå meir informasjon på helsenoreg.no
Du kan velje behandlingsstad
Som pasient har du rett til å velje behandlingsstad. Det vil seie at du som utgangspunkt har rett til å velje kva offentleg eller privat verksemd som skal vurdere tilvisinga di, og at du har rett til å velje kvar du seinare skal få utgreiing eller behandling. Denne ordninga gjeld alle offentlege og nokre private behandlingsstader i Noreg. På
https://helsenorge.no/velg-behandlingssted finn du oversyn over behandlingsstader du kan velje blant. Ønskjer du å finne ut meir om kva du kan velje eller vil ha råd og rettleiing, kan du kontakte fastlegen din. Du kan òg ringe rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon
23 32 70 00. Du har rett til å velje kvar du vil bli behandla, men ikkje til å velje nivået på behandlinga. Du kan til dømes ikkje velje meir spesialisert behandling enn den du får tilbod om.
Fristbrot
Når du har fått ein frist for helsehjelp, skal behandlingsstaden informere deg om denne fristen gjeld for å starte utgreiing eller om den gjeld for behandling. Dersom behandlingsstaden oppdagar at den ikkje klarar å halde fristen, skal den straks kontakte HELFO pasientformidling. HELFO vil deretter kontakte deg for å undersøkje om du ønskjer tilbod på ein annan behandlingsstad. Behandlingsstaden kan gje helseopplysingar om deg til HELFO utan at reglane for teieplikt hindrar det. Dette gjeld berre opplysingar som er naudsynte for at HELFO skal kunne finne eit alternativt tilbod til deg innan forsvarleg tid. Om du ikkje ønskjer å få behandling ein annan stad, kan du velje å framleis stå på venteliste ved den fyrste behandlingsstaden. Om du har spørsmål, kan du kontakte HELFO på telefon
23 32 70 00.
Eigendel
Barn under 16 år betalar ikkje eigendel. For psykisk helse og rus er grensa 18 år. Meir informasjon om frikort og eigendelar finn du på
https://helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester eller du kan ringe rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon
23 32 70 00.
Rett til å klage
Dersom du meiner du ikkje har fått oppfylt rettane dine som pasient, kan du klage. Du kan mellom anna klage på at du ikkje får rett til naudsynt helsehjelp, og på den fristen som er sett for når utgreiinga eller behandlinga seinast skal byrje. Du kan òg klage om du ikkje får den behandlingsstaden du ønskjer. Du må sende skriftleg klage til den behandlingsstaden som har vurdert tilvisinga di. Dersom behandlingsstaden held fast på sin vurdering, skal den sende klagen din vidare til Fylkesmannen. Fristen for å klage er fire veker frå du blei kjend med eller burde ha vore kjend med avgjerda. Du kan anten klage sjølv, eller gi andre fullmakt til å klage på vegner av deg.
Vern av din helseinformasjon
Helsepersonellet kan dele din helseinformasjon dersom det er naudsynt for at du skal få forsvarleg helsehjelp, men du har rett til å motsetje deg dette. Gi då melding om dette til behandlingsstaden.
Pasientreiser – reise til og frå behandlingsstad
Du kan ha rett til å få dekka naudsynte utgifter når du skal reise til og frå behandling. Du skal i utgangspunktet nytte kollektivtransport, og du må betale ein eigendel. For å få attende pengar du har lagt ut for reisa, må du fylle ut eit reiserekningsskjema og sende det til Pasientreiser. Reiserekningsskjemaet finn du på
https://pasientreiser.no/. Hugs å legge ved alle kvitteringar og stadfesting på at du har vore til behandling, til dømes eit stempla timekort. Om du av helseårsakar ikkje kan nytte kollektivtransport, må du kontakte den som tilviste deg for å få rekvisisjon til annan transport. Om du skal ha fleire behandlingar, er det behandlingsstaden som er ansvarleg for å gi deg rekvisisjonar til transport. Meir informasjon om kva som skal til for å få dekka utgiftene, kan du få ved å ringe Pasientreiser på telefon 915 05 515 og på
https://pasientreiser.no/.
Pasient- og brukarombod
Pasient- og brukarombodet skal mellom anna ta vare på pasientanes behov, interesser og rettstryggleik. Du kan kontakte ombodet når du treng råd og informasjon om dine rettar. Dei kan òg hjelpe deg med å nytte klageretten din. Alle fylke har pasient- og brukarombod, sjå
https://helsenorge.no/pasient-og-brukerombudet
Tolk
Du har rett til gratis tolk dersom du treng det. Gi melding til sjukehuset eller behandlingsstaden i god tid før timen om du ønskjer tolk.
For meir informasjon om dine rettar som pasient, sjå
https://helsenorge.no/rettigheter/ eller du kan ringe rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon
23 32 70 00. Pasient- og brukerrettighetsloven, sjå
https://lovdata.no/.
ReHabiliteringstelefonen 800 300 61
ReHabiliteringstelefonen 800 300 61 (måndag til fredag kl. 09:00 -15:00)
Landsdekkande telefonteneste som gir informasjon, råd og rettleiing om habilitering- og rehabiliteringstenestertil pasientar, pårørande og helsepersonell.
Det er dei regionale koordinerende einingane for habilitering og rehabilitering som samarbeider om drift av ReHabiliteringstelefonen. Tenesten besvares av helsepersonell.
Vurdering for arbeidsretta behandlingstilbod
Du kan lese meir om dette her
Kontaktinformasjon
Elektronisk tilvising i Norsk helsenett adresseregister:
Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun)
Sjukehusa skal sende tilvisinga direkte til den aktuelle institusjonen utan å gå via vurderingseininga.
Om ein ikkje kan sende elektronisk kan ein sende tilvisinga til:
Regional vurderingseining for rehabilitering
Østre Nesttunvei 2
5221 NESTTUN
Telefon: 55 91 85 40
Telefontid
Kl. 08.00-11.30 og 12.30-15.00
Årsrapportar