Spørreskjema frå Norsk intensivregister
For å få meir kunnskap om pasientopplevingar etter eit intensivopphald er dine erfaringar som pasient viktig. Norsk intensivregister sender difor ut eit spørjeskjema 6 månadar etter du har vore innlagd ved ei intensiv-, overvaking- eller postoperativ eining, for dei pasientane som har fått ei oppføring i registeret. Spørjeskjemaet blir sendt ut til alle registrerte frå fylt 16 år.
Les meir om spørjeskjemaet for pasientar (EQ-5D-5L) og lagring av dine opplysningar
Anonymisering og lagring av data - informasjon og skjema
SKJEMA for pasientreservasjon i NIR (PDF)
Informasjonsskriv om Norsk intensivregister (PDF)
Information in other languages
Kva er Norsk intensivregister?
Intensivregisteret er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som samler data og statistikk frå dei fleste sjukehus og intensiv- og overvakingsavdelingar i Noreg.
Vårt register har løyve frå helsemyndigheter å automatisk samle inn data / informasjon om intensivpasientar i Noreg. Denne informasjonen bruker vi til forsking og utvikling av intensivmedisinen både nasjonalt og internasjonalt.
Norsk intensivregister er underlagt og blir drive av Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, og derfor er det aktuelle brevet sendt herifrå. Det betyr at du ikkje treng å ha vore pasient ved intensiv- / overvakingsavdeling på Haukeland universitetssjukehus for å vere mottakar av brevet. Du kan ha vore innlagt på ei intensiv- / overvakingsavdeling ved eit sjukehus andre stader i landet.