Søke tilgang til data
NIPaR bidreg gjerne med data til ditt prosjekt. Enten det er eit PhD-prosjekt, mastergrad, forbetringsporsjekt, forskning eller anna. Medlemmer i NIR (intensivavdelingar) kan sjølve gjere eit datauttrekk på eigne data, også til forskning, med forutsetning om at alle godkjenningar er på plass.

For å få utlevert data treng me at du sender ein søknad.
Dette treng vi:
- Standard søknadsskjema (skjema i lista under)
- Protokoll
- REK-vedtak (om dette er aktuelt)
- DPIA eller DAC med fråsegn ved lokalt Personvernombod (om dette er aktuelt)
- Variabelliste
- Koblingsskisse (dersom kobling med andre datakilder)
- Annan relevant informasjon kring ditt prosjekt
Data frå Intensivregisteret og Pandemiregisteret let seg kombinere med kvarandre. Om du ynskjer dette må det gjerast greie for i søknaden til NIKreg.
Kodebok og informasjon kring data i Pandemiregisteret
Søknaden sendast til: norskintensivregister@helse-bergen.no
For nærare rettleiing kan du ringje: 55 97 70 56
Søknad er fullstendig når NIKreg har mottatt all relevant dokumentasjon. NIKreg plikter å utlevere data innan 30 dagar etter søknaden er bekrefta mottatt. Dersom datautleveringa skal samstillast med andre register er fristen 60 dagar. Dette etter Helseregisterlova §19. Ved særskilt grunn kan fristen overskridast, i så fall pliktar registeret å informere om årsaken til dette og gje opplysning om når utlevering kan ventast.
Pris på datautleveringar:
Prosjekt som krev arbeidstid på over 5 timar vert fakturert. Ta kontakt med norskintensivregister@helse-bergen.no for pris.
Kodebøker:
På Helsedata.no finst variabeloversikt for NIR med beskriving av variablar. Du kan også venda deg til oss per e-post for å få tilsendt heile kodeboka som excel-fil.
Liste over prosjekt der NIKreg har bidratt med data finn du under "Prosjekter og publikasjonar"