Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Organisering og aktivitetar
Brukarmedverknad
Pasientar og pårørande har verdifulle erfaringar i bruk av helsetenestene. Desse erfaringane er viktige for sjukehuset i utforming av våre tenester.
Her får du ein oversikt over sentrale aktivitetar innan brukarmedverknad i Helse Bergen.
Brukarmedverknad i spesialisthelsetenesten handlar om at brukarar (pasient eller pårørande) samarbeider med fagpersonar på ulike nivå i organisasjonen. Slik kan helseføretaket systematisk og kontinuerleg samarbeide med fleire brukargrupper om kvalitetsforbetringar. Dette skjer både på overordna nivå (systemnivå), meir fagspesifikke område (tenestenivå), og i møte med den enkelte pasient (individnivå). Brukaren har lovmessig rett til å medvirke , og helsetenesta har lovmessig plikt til å involvere brukaren: «Pasientperspektivet i alt vi gjer» er derfor eit av fokusområda i strategien vår.
Organisering av brukarmedverknad i Helse Bergen
Brukarutvalet er på systemnivå
Representantane i Brukarutvalet kjem frå fleire brukarorganisasjonar, og er involvert i planlegging av tiltak og tenester som har allmenn betyding. Brukarutvalet har fokus på at våre helsetenester skal vere best mogleg kvalitet for alle brukarar, uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetting. Brukarutvalet er rådgivande organ for administrerande direktør og styret ved Helse Bergen HF i brukarrelaterte spørsmål.
Alle medlemmane i Ungdomsrådet har erfaring som pasient og/eller pårørande i Helse Bergen. Ungdomsrådet jobbar for å betre sjukehuskvardagen for alle barn og unge som er pasient eller pårørande. Ungdomsrådet er også rådgjevande organ for administrerande direktør og styret i Helse Bergen.
Alle medlemmane i brukarpanela har spesifikk brukarerfaring frå den avdelinga/klinikken som brukarpanela jobbar for (for eksempel rus, psykiatri, eller somatikk). Hensikta med brukarmedverknad på tenestenivå er å styrke brukerperspektivet i drifta av den bestemte klinikken eller avdelinga.
Nye satsar er gjeldande frå 01.01.2022: Møtegodtgjersle: kr 1.900,- per brukarutvalsmøte/heildagsmøte (over 4 timer). Møter inntil 4 timer: kr 310,- per time (gjeld telefonmøter, digitale møter, fysiske møter).
Ei avdeling eller ein klinikk kan ha behov for å komme i kontakt med pasientar eller pårørande som har spesifikk brukarerfaring. Oppdraget kan for eksempel vere å ta del i forbetring og utvikling av rutinar, opplæringsmateriell, nettsider, eller ta del i lærings- og mestringskurs.
Erfaringskonsulentar er tilsett i helseføretaket. Deira rolle er å styrke brukarperspektivet i drifta av avdelinga/klinikken. Erfaringskonsulenten har spesifikk brukarerfaring frå avdelinga/klinikken dei er tilsett i. Dei kan ha direkte kontakt med pasientar, ta del i administrative oppgåver, gje råd til leiinga, og vere med i brukarpanelet i eininga.
Vi veit at mange pasientar ønsker å ta aktiv del i avgjerder som gjeld eiga behandling. Ei viktig oppgåve for helseføretaket er å legge til rette for at pasienar skal kunne gjere gode val ut frå sin helsetilstand. For mange pasientar vil det vere både viktig og nødvendig å innolvere pårørande.
For å ivareta brukarmedverknad på individnivå, har Helse Bergen fokus på:
• God kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell
• God skriftleg kommunikasjon til pasient og pårørande
• Pasientretta forsking
Kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell: Helse Bergen arrangerer kurs i klinisk kommunikasjon for sine tilsette. Kursa i klinisk kommunikasjon er
basert på metoden 4 gode vaner (4GV). På kursa trenar helsepersonell på grunnleggande ferdigheiter for å utøve god og målretta kommunikasjon i møte med pasientar og pårørande. Kursa er tilpassa klinisk personell som sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar, og merkantilt personale som helsesekretærar.
Skriftleg kommunikasjon til pasient og pårørande: Ein føresetnad for god kommunikasjon er klart språk i brev, journalnotat, og på nettsider mellom sjukehus og pasient. Det er viktig at brukar og helsepersonell har ei felles forståing av pasientens helsetilstand og kva helsetenesa kan tilby. Det går føre seg eit kontinuerleg forbetringsarbeid i føretaket basert på tilbakemeldingar frå helsepersonell og brukarar. På nettsidene kan einkvar lesar gi tilbakemelding på innhaldet.Målet er at all informasjon til pasientar og pårørande skal vere forståeleg.
Her får du lære kva brukarmedverknad er, kvifor det er viktig, og korleis brukermedverknad er organisert i Helse Bergen. Kurset passar for alle som er interessert, og tar omlag 15 minutt.
Har du spørsmål eller kommentarar om brukarmedvirkning i Helse Bergen? Ønskjer du å komme i kontakt med ein av brukarane våre? Send oss ein e-post her:-)
Vi i Seksjon samhandling legg til rette for samarbeid mellom Brukarutval, Ungdomsråd, og panel. Oppgåvene blir vurdert i fellesskap og fordelt hensiktsmessig. Det blir lagt vekt på å samarbeid i oppfølging av sakene.
Du har rett til å ta del i val om eiga behandling. Dette blir kalla samval og blir gjort saman med helsepersonell. Når du skal vere med å velje, spør deg sjølv: Kva er viktig for deg?