Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Undersøking

Spyttprøve kortisol

Kortisol vert skilt ut i spytt, og mengde kortisol i spytt speglar mengde av kortisol i blodet. Kortisolmengda er høgast om morgonen og lågast seint på kvelden.

For å finne ut om du har for høge mengder av kortisol måler vi kortisol i spytt om kvelden i tidsrommet mellom kl. 22.00-24.00. Nivået av kortisol varierer mykje i løpet av dagen. Riktig tidspunkt for å ta prøven er viktig for tolking av resultatet av analysen.

Før

Pass på at

  • du ikkje et mat, drikk eller pussar/reinsar eller bleiker tenner dei siste 60 minutta før du tek prøven.
  • du ikkje røyker/snusar dei siste 60 minutta før prøvetaking
  • du ikkje har sår eller rift i tannkjøtet. Blodtilblanda spytt kan gje feil resultat
  • du ikkje utførar sterk fysisk aktivitet før du tar prøva
  • du ikkje siste døgn før prøvetaking, et/drikk
    • lakris
    • grapefruktjuice
    • enkelte naturpreparat
  • Dersom mulig; unngå prøvetaking i veker med skiftarbeid

Under

Samling av spyttprøve gjer du med behaldarane du har fått utlevert. 
Før du skal bruke behaldarane må dei oppbevarast tørt og i romtemperatur.
Vask ansikt og hender grundig før du tar prøvane dersom du brukar kortisonsalve.

  1. Du tar prøven mellom kl. 22.00 – 24.00 (om ikkje legen har sagt noko anna).
  2. Ta av korken, hell tampongen direkte i munnen. Du må ikkje ta på tampongen med fingrane.
  3. La tampongen bli i munnen i nokre minutt.
  4. Når tampongen er gjennomfukta av spytt skal tampongen plasserast tilbake i salivetterøyret. Ikkje ta på tampongen med fingrane.
Hugs to prøvar med eit døgns mellomrom eller meir. 
salivetterør

Bilete av salivetterøyret og tampongen.

Etter

Du må hugse å merke røyra med:

  • Fullt namn 
  • Fødsels- og personnummer
  • Dato og klokkeslett for prøvetaking
Prøvane må leverast legekontoret/sendast til laboratoriet morgonen etter siste prøve er tatt. Dette for å sikre at prøvane ikkje er for gamle når dei kjem til laboratoriet.

Oppbevar prøvane i kjøleskap inntil levering/sending. Unngå sending før helg/heilagdag.


Kontakt

Laboratoriebygget Medisinsk biokjemi og farmakologi

Kontakt Medisinsk biokjemi og farmakologi

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Zander Kaaes gate 7

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø