Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
sandviken flyfoto

Forskingsavdelinga, Psykisk helsevern

Forskingsavdelinga i Divisjon psykisk helsevern er lokalisert i Sandviken. Avdelinga har ansvar for å synleggjere all forsking i divisjonen og betre forskarane sin tilgang på administrativ støtte og kompetanse. Målet er å bidra til at forsking blir ein naturleg og integrert del av drifta i heile Divisjon psykisk helsevern.

Kontakt

Telefon

Forskingssjef Ketil J. Ødegaard

920 56 602

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til på sjukehuset i Sandviken.

Sjukehuset i Sandviken

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

Praktisk informasjon

​Haukeland universitetssjukehus er eitt av fire regionsjukehus i landet. Regionsjukehuset skal vere leiande innan forsking, innovasjon og utdanning for å sikre at vi også i framtida fyller rolla som hovudsjukehus i regionen. 

Utviklingsplan for Helse Bergen 2022-2035​​

Forsking skal være ein naturleg og integrert del av drifta i Divisjon psykisk helsevern, og skal bidra til at utvikling og kvalitetsarbeid er kunnskapsbasert.

Strategi for forsking i Divisjon Psykisk helsevern 2018-2022



​Forskarar frå Divisjon psykisk helsevern utmerkar seg både nasjonalt og internasjonalt, og har etterkvart ein stor vitskapsproduksjon. Publikasjonsoversikta ​er henta frå CRIStin og viser alle publikasjonar der Divisjon psykisk helsevern, Haukeland, er kreditert.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.