Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Bjørgvin DPS poliklinikk, Knarvik

Poliklinisk behandling er behandling av pasientar som ikkje er innlagt. Bjørgvin DPS har tre poliklinikkar. Ein er lokalisert i Knarvik i Nordhordland og to på Tertnes i Åsane.

Utgreiing og behandling

Den første kontakten med psykisk helsevern er vanlegvis poliklinisk. Her vert det gjort undersøking og utredning, som er utgangspunkt for vidare behandling. Denne første undersøkinga vert vanlegvis utført i dei allmennpsykiatriske poliklinikkane i Knarvik eller på Tertnes.

Behandlinga er ulike former for samtaleterapi individuelt og / eller i grupper, medisinar, læring av mestringsstrategiar og andre kurstilbod for å auka forståinga av sjukdommen og finna løysingar som kan hjelpa den enkelte.

På Tertnes er det også ein poliklinikk, Tertnes rehabiliteringspoliklinikk, spesielt for personar med psykoseliding. Her er fokuset meistring av lidinga med medisinsk behandling og kartlegging av behov for hjelp og støtte i kvardagen. Vi samarbeider tett med andre etatar, og freistar å få til ordningar med arbeid og utdanning, etablering i bustad og betre sosial fungering. I Nordhordland vert denne pasientgruppa ivareteken av eit eige team i den allmennpsykiatriske poliklinikken.

Poliklinikkane våre har tett samarbeid med sengepostane og kan ordna med innlegging dersom det skulle bli nødvendig.

Kontakt

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bjørgvin DPS sin poliklinikk for allmennpsykiatri i Knarvik held til i 5. etasje i Region Nordhordland Helsehus.
Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

      Er du pasient?

      Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.
      Informasjon til pasientar
      Pasient og behandler. Foto

      Er du pårørande?

      Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
      Informasjon til pårørande
      Pasient og pårørande i sofa hos behandlar. Illustrasjon

      Hjelp deg sjølv i ventetida

      Viss helsetilstanden din forverrar seg vesentleg, må du kontakte fastlegen din, eller den som har vist deg til time på sjukehuset. Fastlegen kan òg gi deg råd og oppfølging i ventetida.
      Gode råd i ventetida
      Illustrasjon av e-konsultasjon.