Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Er du pasient?

Her finn du informasjon om kva du kan gjere for å førebu den første samtalen i poliklinikk, kva som skal skje under den første samtalen og korleis behandlinga går for seg.

Grafikk behandler og pasient

 

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling ved Bjørgvin DPS, men det finns òg anna helsepersonell som kan tilvise.

 
Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta, vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort på bakgrunn av informasjonen i tilvisinga, prioriteringsforskrifta og ut ifrå informasjon frå prioriteringsrettleiarane. Tilvisinga blir vurdert innan maksimalt 10 yrkedagar frå den er mottatt. 

 
Har du rett til helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, blir det satt ein individuell frist for når helsehjelpa seinast skal starte. Samstundes blir det satt opp eit tidspunkt for første samtale innanfor denne fristen. Du får eit brev om dette på helsenorge.no, eller i posten viss du ikkje loggar inn på helsenorge.no. 

 
Viss vi vurderer at tilstanden din ikkje krev behandling i spesialisthelsetenesta, gir vi deg informasjon om andre tilbod som kan vere aktuelle. 

 
Grafikk pasient i rullestoll

Det kan vere nyttig å tenke gjennom kva du ønskjer behandling for og begynne å tenke over måla for behandlinga før den første samtalen. Viss du klarar å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.
   
Fyll ut kartleggingsskjema om du skal til samtale i allmenn poliklinikk. 
  • Du får ei lenke til eit kartleggingsskjema på SMS ei veke før timen hos oss. 
  • Du loggar på med BankID og kodebrikke eller BankID på mobil.
  • Du kan klikke på lenka i SMS-en, eller logge på her: Lenke til spørjeskjema
Svara dine frå desse skjemaa gir oss ei oversikt over helsesituasjonen din slik at vi raskare kan finne fram til riktig behandling for deg. Den første samtalen kan gjennomførast over video om du ønskjer det. 

 
Viss du har spørsmål, ønskjer videokonsultasjon eller treng hjelp i samband med utfylling av spørjeskjemaa, kan du ta kontakt på telefon 55 95 70 00
Grafikk terapeut og pasient

Vi har laga ei side der du finn informasjon om vanlege psykiske vanskar, psykisk helse, ressursar, råd og sjølvhjelpsprogram som kan vere nyttig for deg og dei pårørande i ventetida. 

Klikk her for å gå inn på siden

hjelpdegselvhvitbakgrunn.png

Under den første samtalen ønskjer vi å avklare behova dine, måla og ønskja for behandlinga samt oppfølginga. Du kan gjerne ta med pårørande om du vil det. Vi snakkar om vanskane du opplever og årsakene til desse. Du får informasjon om utgreiinga, om kva for behandlingstilbod vi har og rammene for samarbeidet. Ein poliklinisk time varar som regel i 45 minutt, men den første samtalen kan vare litt lenger. 

 
Behandlaren du møter har kunnskap om og erfaring frå å jobbe med menneske med psykiske vanskar. Dei vanlegaste yrkesgruppene som arbeider hjå oss i poliklinikk, er psykologar, psykiatrar, psykomotoriske fysioterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar, sosionomar eller andre høgskuleutdanna personar med vidareutdanning.

 
I enkelte tilfelle finn vi ut i løpet av den første samtalen at det ikkje er grunnlag for vidare utgreiing eller behandling i psykisk helsevern. Vi kan då gi informasjon om kva for tilbod som kan vere aktuelle i staden for. 

 
I denne videoen får du innblikk i hva som møter deg i første samtale.


 

Poliklinisk behandling inneber at du har jamlege samtalar med ein behandlar eller med ei behandlingsgruppe.

 
Dei første samtalane blir brukte til utgreiing av vanskane dine. Vanlegvis inneber ei utgreiing både samtalar, strukturerte intervju og spørjeskjema. Saman med deg ynskjer vi å avklare kva som er hovudutfordringane dine og kva for behov du har for vidare oppfølging. Utgreiinga fører til ei vurdering og ei avgjerd om vidare behandling. 

 
Saman med den polikliniske behandlaren din, blir de samde om måla for behandlinga, kor ofte de skal møtast og kor lenge behandlinga skal vare. 

 
Det finst mange ulike behandlingsmetodar. Dei behandlingsmetodane vi nyttar, har dokumentert god effekt på behandling av ulike psykiske lidingar. Ofte må ein øve for å få til forandringar i livet sitt. Ein viktig del av behandlinga er difor at du øver på det du lærer mellom samtalane.

 
Nokre symptom kan fortsatt vere til stades ved avslutning på behandlinga. Samtidig, opplever mange at behandlinga har belyst nye måtar å ta omsyn til det som er vanskeleg på, og at en har fått fleire reiskapar for å jobbe vidare på eiga hand med å gjere dei nødvendige endringane. 

 
Behandlinga kan gjennomførast individuelt, i gruppe eller over nettet, enten som rettleia Internettbehandling eller via video. 

 
Sjå video om våre ulike behandlingstilbod;​


​​

Under behandlinga opprettar vi eit samarbeid med dei ulike samarbeidspartane ut frå behova og ønska dine. Du avgjer kven som skal involverast i behandlinga di. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere pårørande, fastlegen, kommunen og NAV. Vi held samarbeidsmøte med deg og dei aktuelle samarbeidspartnarane ved behov.

Grafikk behandler og pasient

Sist oppdatert 04.04.2023