Livets siste dagar - plan for lindring i livets sluttfase

Livets siste dagar - plan for lindring i livets sluttfase er fundert på internasjonale prinsipp og nasjonale tilrådingar for omsorg til døyande. Bruk av ein slik plan kan sikre ei felles ramme og struktur for behandling, pleie og omsorg i sluttfasen av livet. Livets siste dagar er ei vidareutvikling av Liverpool Care Pathway (LCP), tilpassa for bruk i Noreg.

Blad. Foto.
 

​Nettverkskoordinator

Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) har funksjon som koordinerande senter for bruk av Livets siste dagar. Koordinator kan svare på spørsmål knytte til mellom anna registrering, implementering og praktisk bruk av planen. Stillinga som nettverkskoordinator er eit samarbeid mellom Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland (USHT Hordaland) og KLB.

Kontaktinformasjon

Nettverkskoordinator
Grethe S. Iversen
Telefon 992 04 009

 

Samarbeid nasjonalt og internasjonalt

Noreg har ei eiga referansegruppe og team for bruk av Livets siste dagar. Dette er  tverrfaglege grupper med bakgrunn frå sjukeheimsmedisin, geriatri og palliasjon.
Marie Curie Palliative Care Institute ved Universitetet i Liverpool i England er koordinerande senter for den internasjonale samarbeidsgruppa International Collaborative for Best Care for the Dying Person, som Noreg er del av gjennom KLB.

 

Meir om Livets siste dagar 

Bruk av Livets siste dagar føreset at alle faggrupper som gir behandling, pleie og omsorg til døyande pasientar og deira pårørande, har kompetanse i grunnleggande palliasjon. Den enkelte tenestestad har ansvar for at planen vert brukt etter hensikta.


Livets siste dagar kan nyttast ved forventa dødsfall hos vaksne, uavhengig av pasienten sin diagnose. Det er kriterium som må følgast for å ta planen i bruk. Bruken av planen skal fortløpande vurderast og alltid revurderast dersom pasienten sin tilstand vert betre, dersom det vert uttrykt tvil, bekymring eller usemje rundt bruken av planen, eller planen er brukt i inntil tre døgn.

Kort orientering om Livets siste dagar (pdf)


Fagprosedyre for Livets siste dagar
På Helsebiblioteket sine nettsider er det nå publisert ein fagprosedyre for implementering og bruk av planen Livets siste dagar.


Registrering

Registrering er eit krav for å ta i bruk Livets siste dagar.

Kontakt oss gjerne for råd. 
Registreringspakke for bruk av Livets siste dagar (pdf)

 

Hos Kirkens Bymisjon i Oslo kan ein bestilla heftet "Når livet går mot slutten", som kan vere aktuelt å gi til pårørande når Livets siste dagar vert brukt.

 

Rettleiing på andre språk til pårørande på blant anna engelsk, spansk og vietnamesisk.

Aktuelt og erfaringar

Invitasjon og program for Regional fagdag for Helseregion Vest 15. november 2017  (pdf)Artikkel om effektar av innføring av tiltaksplan for omsorg til døyande og deira pårørande i sjukeheim

Fagdag for Helseregion Vest. Livets siste dager - Plan for lindring i livets sluttfase

Bruk av LCP og "Livets siste dagar" i sjukeheimar

Artikkel om lindrende behandling i livets sluttfase

NICE retningslinje for omsorg til døyande i EnglandArtikkel om behandlingsplanar i livets sluttfase

Lenker og referansar

Behandlingsalgoritmar for vanlege symptom hos døyandeMarie Curie Palliative Care Institute

Registrerte brukerstader

Registrerte brukerstader (pdf)

Eksempelutgåver

Palliativ eining (pdf)Sjukehus (pdf)Sjukeheim (pdf)Heimesjukepleie (pdf)

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev jula 2016 (pdf)1. nyhetsbrev 2015 (pdf)