Prøver blir frakta to gonger dagleg til laboratoria på Haukeland universitetssjukehus for analysering.
Laboratorieklinikken ved Haukeland sikrar dermed raske prøvesvar som er klare til pasientane skal til poliklinisk kontroll, sjukehusinnlegging, CT eller røntgen. Pasientar kan og levere inn prøver dei sjølv har tatt, som urin-, avføring- eller spyttprøve.
Laboratoriet i Nordhordland held til i lyse, trivelege lokale og det er god kapasitet, lite/ingen ventetid. Pasientar kan møte opp mellom kl. 08:00-15:00 alle kvardagar, og det er ingen timebestilling. Slik kan mange pasientar spare tid og milevis med køyring.
distriktspsykiatrisk senter med dagbehandling og poliklinikk, hudpoliklinikk, og dialysebehandling.