Helse Bergen har følgande avdelingar i Region Nordhordland Helsehus (RNH): Hudpoliklinikk, Dialyse, Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), psykiatrisk behandlingstilbod for vaksne, Knarvik ambulansestasjon og Laboratorium for blodprøvetaking.
Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.