Mohn Kreftforskingslaboratorium

Mohn kreftforskingslaboratorium vart etablert i 2009 i laboratoriebygget på Haukeland med middel frå Bergens Medisinske Forskingsstiftelse (BMFS) og Trond Mohn.

Laboratoriet har 25 forskarar og teknikarar som i hovudsak jobbar med følgande problemstillingar: -Genetiske endringar som gjer kreftceller resistente mot behandling. -Medfødte genetiske faktorar som påverkar risikoen for kreft og resulterer i ulike kliniske uttrykk og ulik grad av sideverknadar ved behandling. -Hormoner og deira rolle i sjukdomsutvikling og behandling ved ulike hormonfølsomme kreftsjukdomar. Forskninga vert i hovudsak utført innan kreft oppstått i bryst, eggstokkar, føflekkar, testiklar, prostata og mage-tarm. Målet er å auke kompetansen innan kreftforsking og -behandling.

Kontaktinformasjon

​Telefon
55 97 64 44

 
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus​
Mohn kreftforskingslaboratorium
Laboratoriebygget, et. 1M
Postboks 1400
5021 Bergen


 

Om Mohn Kreftforskningslaboratorium

Mohn Kreftforskningslaboratorium er bygd for translasjonell kreftforsking. Prosjekta det vert jobba med ligg i skjæringspunktet mellom basalbiologiske- / molekylærbiologiske og kliniske studiar.
​​​​​​Hovudproblemstillingane det vert jobba med i Mohn Kreftforskningslaboratorium , er identifisering av genetiske- og molekylære mekanismar som påverkar risiko for ulike typar kreft, samt mekanismar som påverkar behandlingseffekt i pasientar med påvist kreftsjukdom.

Etableringa av laboratoriet vart gjort med støtte frå Bergen medisinske forskningsstiftelse (BMFS), Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen. BMFS har gjeve 12 millionar kroner til oppbygginga av laboratoriet.  

Mohn Kreftforskningslaboratorium ligg i etasje 1M i den nye Laboratorieblokka ved Haukeland Universitetssjukehus. Offisiell opning av laboratoriet var 21. desember 2009. Her har forskarane flotte fasilitetar med ein ny og moderne instrumentpark, og med tillegg av arealet ved Seksjon for Onkologi i 6. etg. i same bygg, har vi no totalt 500 kvadratmeter via til translasjonell kreftforsking.»

Gjennom dei snart fem åra laboratoriet har vore i drift har aktiviteten stadig auka, og nye instrument, inkludert ei MiSeq maskin for massiv parallell sekvensering , er kjøpt inn. Ved hjelp av desse nettsidene ynskjer vi å formidle praktisk informasjon om tilsette og fasilitetar så vel som viktige og nye forskingsresultat.​​

Gruppeleiar:  Per Eystein Lønning, professor MD PhD

Leiar:Olav Dahl, professor MD PhD 

Informasjon: Stian Knappskog, seniorforsker PhD

Tilsette

 

​​  

 

Lønning, Per Eystein


Gruppeleiar,
Overlege og Professor
Tlf: 55 97 20 27
E-post: Per.Lonning@helse-bergen.no

 

 

 

Knappskog, Stian


Seniorforskar, PhD
Tlf: 55 97 64 47
E-post: Stian.Knappskog@k2.uib.no

 

 

 

Eikesdal, Hans Petter


Overlege og seniorforskar
Tlf. 55 97 64 44
E-post: hans.petter.eikesdal@helse-bergen.no
 

Berge, Elisabet Ognedal


Postdoktor 
Tlf. 55 97 64 46
E-post: Elisabet.Ognedal@k2.uib.no
 
    Foto: Jørgen Barth

Straume, Anne Hege


Postdoktor
Tlf: 55 97 64 48
E-post: anne.straume@k2.uib.no
 

Gansmo, Liv Beathe


Postdoktor
Tlf. 55 97 64 48
E-post: liv.gansmo@k2.uib.no
 

Huun, Johanna


Stipendiat
Tlf. 55 97 64 44 
E-post: Johanna.Huun@k2.uib.no
 

Mannsåker, Bård


Lege og stipendiat
Tlf. 55 97 64 44
E-post: Bard.Mannsaker@helse-bergen.no
 

Løes, Inger Marie


Lege og stipendiat
Tlf: 55 97 64 44
E-post: inger.loes@k2.uib.no
 

Birkeland, Einar Elvbakken


Stipendiat
Tlf. 55 97 64 44
E-post: Einar.Birkeland@helse-bergen.no
 

Leirvaag, Beryl


Overingeniør
Tlf: 55 97 64 44 
E-Post: Beryl.Leirvaag@k2.uib.no
 

Ekse, Dagfinn


Avdelingsingeniør
Tlf: 55 97 60 36
E-post: Dagfinn.Ekse@helse-bergen.no
 

Eriksen, Christine


Avdelingsingeniør
Tlf: 55 97 60 34
E-post: Christine.Eriksen@helse-bergen.no
 

 

Duong, Nhat


Avdelingsingeniør
Tlf. 55 97 64 44
E-post: Nhat.kim.Duong@helse-bergen.no

 

 

 
  

 

Yndestad, Synnøve


Stipendiat
Tlf: 55 97 64 44
E-post: synnove.yndestad@k2.uib.no

 

 

 

de Faveri, Elise


Avdelingsingeniør
Tlf. 55 97 64 44
E-post: Elise.Faveri@k2.uib.no
  

 

Iversen, Gjertrud Titlestad


Avdelingsingeniør
Tlf. 55 97 64 44
E-post: Gjertrud.Iversen@k2.uib.no

 

 

Bjørneklett, Silje


Avdelingsingeniør
Tlf. 55 97 64 44
E-post: Silje.Bjorneklett@k2.uib.no
 

Blaalid, Rakel


Postdoktor
Tlf: 55 97 64 46 
E-Post: rakel.blaalid@k2.uib.no
 

Minsaas, Laura


Avdelingsingeniør
Tlf: 55 97 64 44
E-post: Laura.Minsaas@k2.uib.no
 

Ipek, Filiz


Administrativ konsulent
Tlf. 55 97 20 90
E-post: filiz.ipek@helse-bergen.no
 

Poduval, Deepak B.

Stipendiat 
Tlf. 55 97 64 44 
E-post:deepak.poduval@k2.uib.no     
  

 Oss i media

 

  • Nyheiter

    Nyheter fra Mohn Kreftforskningslaboratorium

  • Publikasjonar

    Nøkkelpublikasjonar fra Mohn Kreftforskingslaboratorium

  • Prosjekt

    Mohn Kreftforskningslaboratorium - Forskning på brystkreft, gynekologisk kreft, føflekk kreft og mage-tarmkreft.

  • Samarbeid

    Translasjonell kreftforsking krev samarbeid mellom klinikarar og forskarar med ulik bakgrunn og kompetanse og mellom ulike fagmiljø.

Om laboratoriet

Pasientinformasjon

Mohn Kreftforsknings laboratorium for translasjonell kreftforskning vart offisiellt opna 21. desember 2009. Laboratoriet ligg i etasje 1M i den nye Laboratorieblokka ved Haukeland Universitetssykehus. Her har forskarane tilgang til eit flott laboratorium med ein ny og moderne instrumentpark nært knytt til dei kliniske avdelingane på sjukehuset.
Den nære kontakten med sjukehuset lettar samarbeidet med avdelingane der pasientane får behandling, og der dei kliniske studiane går føre seg. Det vil bidra til at kunnskapen ein tilegnar seg i forskningslaboratoria raskare kjem til nytte for pasientane og dei som arbeider med pasientbehandling i sjukehusa.

Ved Mohn Kreftforskningslaboratorium driv forskarane med translasjonell kreftforskning. Dette inneber at klinisk kreftforskning der pasientane for eksempel prøver ut nye behandlingsopplegg og stiller opp for ekstra prøvetaking ved sjukehuset bidrar til laboratorieforskninga og vise versa.  

Forskarane ved Mohn Kreftforskningslaboratorium jobbar blant anna for å identifisere mekanismar for korleis kreft oppstår og utviklar seg og for å forklare kvifor enkelte kreftsvulstar vert motstandsdyktige mot behandling. Ein forsøker å kartlegge arvelege faktorar som kan gje auka risiko for kreft. Medfødde genetiske endringar kan bidra til at ein sjukdom kan arte seg ulikt hos ulike pasientar, og at dei får ulik effekt- eller sideverknadar av ei gitt behandling. Forskarane i laboratoriet ser på hormonar og påverknad av desse ved behandling av kreftsjukdom.

Dei nevnte problemstillingane er aktuelle i fleire ulike kreftsjukdomar og ved Mohn Kreftforsknings laboratorium vert forskninga blant anna utført innan brystkreft, underlivskreft, tarmkreft, testikkelkreft, føflekk kreft og prostatakreft.

Analysene i laboratoriet vert enten gjort på vevsprøver eller blodprøver frå pasientar som har samtykka til dette eller ved bruk av cellekulturar der ein kan teste korleis dei ulike genetiske endringane faktisk påverkar levande celler.

Det overordna målet er auka kunnskap om kreftsjukdomen sin biologi som igjen kan medføre betre og meir skreddarsydd behandling til den enkelte pasient.

 

Visjon

Mohn Kreftforskningslaboratorium - Translasjonell kreftforskning
Vi ønsker å vere ei plattform der klinisk relatert kreftforskning og grunnforskning møtast med mål om å identifisere mekanismar for utvikling av kreft og terapiresistens. Tanken er at ei djupare  innsikt i biologien til kreftcellene vil kunne resultere i betre identifisering av risikofaktorar samt ei meir optimal behandling av pasientar med kreftsjukdom.

 

Translasjonell forskning

Teknologi

Ved Mohn Kreftforskingslaboratorium gjer ein genanalysar og epigenetiske analysar av pasientmateriale som blod- og vevsprøver ved hjelp av eit breitt spekter av avanserte molekylærbiologiske metodar.
I hovudsak er målet med analysane å identifisere genetiske mutasjonar, epigenetiske endringar, og dereguleringar av genuttrykking som er relevante for kreftrisiko og / eller behandlingseffekt ved etablert kreftsjuA


Arbeid med mikrotomen


Slike «screening-analysar» vert utførte vha. metodar som PCR med påfølgande Sanger sekvensering, målretta djupsekvensering ved bruk av MiSeq, kvantitativ PCR (real-time PCR), bisulfitt-modifisering av DNA med påfølgande metyleringsspesifikke analysar, MLPA, Fluorescens in situ hybridisering (FISH), immunhistokjemi utført på tissue microarray (TMA). Alle funn vert relaterte til oppdaterte kliniske databasar.

I tillegg til analysane direkte på pasientmateriale, er det utstrakt bruk av cellekulturar som modellsystem. Cellekulturar vert i hovudsak nytta for funksjonelle studiar (studiar av kva for effektar ulike genvariantar, som er funne i pasientar, har på ei celle).


Kreftceller infisert med lentivirus. Viruset vert brukt som ein vektor for å sette inn eit gen i ei cellelinje slik at det genet vert overuttrykt. Dermed kan effekten av oppregulering studerast i cellekultur og evt i musemodellar.


Blant teknologiane som vert nytta i cellekulturforsøk er overuttrykking av genvariantar vha. transfeksjon med ekspresjonsplasmid, «knock-down» av genekspresjon vha siRNA, behandling med ulike typar cytostatika osb. Blant teknologiane som vert nytta for overvaking / måling av effekt av ulike genvariantar / behandlingar i cellekulturar er «real-time» celleovervaking (ECIS), Apoptose-, senescence- og cellesyklusanalysar, proteininteraksjonsstudiar (co-immunpresipitering og liknande.) og enzymaktivitets-assays. Eit godt hjelpemiddel i dette arbeidet er ei maskin kalla Nucleo Counter®  NC-3000™ som kan detektere fluorescens i enkeltceller.

 

Gruppa sine prosjekt vert støtta av:

   Designelement                    

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.