Gåver og donasjonar

Kreftavdelinga har på forespørsel tilrettelagt for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Det finst to moglegheiter. Første gjeld kreftforsking, mens den andre gjeld velferd for kreftpasientar og pårørande. Begge er sjukehusets felles gåvekonto og betaling må derfor merkast som nemnt under.

Gåver til kreftforsking:

Gåver Helse Bergen,
Postboks 1400
5021 Bergen
Konto nr: 3201.24.40714
OBS: Innbetaling må merkast med KS 131050

Formål:
Gåver til kreftforsking går inn i eit vitskapleg fond for å fremje forsking, med vektlegging av god kvalitet i prosjekta. Fondet gir støtte til klinisk og eksperimentell kreftforsking.

Organisering:
Fondet har eit styre beståande av fire overlegar, seksjonsleiar for stråleterapi, seksjonsleiar for medisinsk fysikk og sjukepleiefagleg ansvarleg. Tildeling skjer utifrå gjeldande vedtekter og på bakgrunn av skriftlege søknader til styret.

Rekneskapen blir revidert av økonomiavdelinga ved sjukehuset.
Gåver til kontoen gir rett til skattefrådrag for gjevar.


For å få dette frådraget, må ein oppgje

  • Namn
  • Personnummer
  • Bustadadresse

Dette sender ein til Kreftavdelinga v/ stabssekretær Bjørg Algerøy.
Rekneskapsavdelinga vil då sørgje for at beløpet blir innrapportert til likningsmyndighetene.

Kontaktperson:
Stabssekretær Bjørg Algerøy, tlf 55972070 

Les om avdelingens forskningsaktivitet.

Gåver til pasientvelferd:

Helse Bergen,
Postboks 1400
5021 Bergen
Konto nr. 3201.24.40714
OBS: Innbetaling må merkast med KS 131052, som tilhøyrar Kreftavdelingas pasientvelferd. Viss det er ei minnegåve blir me takksame om de merkar med namnet til den som har gått bort.

Føremål:
Pengane skal nyttast til å gjere opphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga.

Organisering:
Styringsgruppa for pasientvelferd, beståande av ein representant frå kvar seksjon ved avdelinga, har delegert myndigheit frå avdelingssjefen til å disponere midlane. Midlane blir fordelt på bakgrunn av søknadar frå seksjonane. Rekneskapen blir revidert av økonomiavdelinga ved sjukehuset.

Kontaktperson:
Medlem av og sekretær for utvalet
Lilly Vinje
55978256 telefontid formiddagar
trivselskoordinator@helse-bergen.no