We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Regional vurderingseining for rehabilitering

Regional vurderingseining for rehabilitering (RVE) vurderer tilvisingar (henvisninger) til private somatiske rehabiliteringsinstitusjonar frå fastlegar, privatpraktiserande avtalespesialistar og andre behandlarar utanfor sjukehus.

Fire ansatte sitter på rad ved et møtebord. Foto

1. Pasienten sin diagnose og generelle funksjonsnivå

2. Angi problemstillinga (bakgrunn for tilvising) så konkret som mogleg

3. Pasienten sin arbeids/sjukemeldingsstatus

4. Du tilviser til rehabiliteringsinstitusjon i spesialisthelsetenesta. Kva for tiltak er prøvd ut lokalt, i fyrstelinetenesta, og kva for effekt hadde desse?

5. Angi pasienten sitt konkrete mål for rehabilitering ("opptrening/rehabilitering" er for lite spesifikt)

6. Legg ved epikrise(r) frå tidlegare opphald på rehabiliteringsinstitusjon

7. Når pasienten tidlegare har hatt opphald på rehabiliteringsinstitusjon:

a. Kva har lokale oppfølgingsopplegg bestått av?

b. Har det oppstått ei ny problemstilling?

c. Har pasienten sett seg nye mål?

8. Dersom aktuelt, gi opplysingar om smittestatus som krev smitteverntiltak på institusjon (MRSA, ESBL, anna)

Elektronisk tilvising

Adressa i Norsk helsenett adresseregister er:
Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun).

Tilvisingsskjema per post (PDF)

Barthels ADL-indeks (PDF)

Fritt behandlingsval​​

​​​Som pasient har du mange rettar. Her gir vi deg ein kort informasjon om nokre viktige rettar. Fullt oversyn over kva for rettar du har som pasient finn du på helsenorge.no/rettigheter

Vurdering av tilvising

Når du blir tilvist til sjukehus eller ein annan behandlingsstad i spesialisthelsetenesta, vurderer dei om du har rett til behandling eller utgreiing. Vurderinga skal gjerast innan 10 verkedagar. Ved mistanke om alvorlig sjukdom skal tilbakemeldinga komme raskare.

Rett til ny vurdering

Svaret på tilvisinga bygger på ei medisinsk vurdering gjort av ein spesialist. Dersom du ønskjer å få vurdert helsetilstanden din på nytt må du kontakte fastlegen din som kan sende ei ny tilvising. 

Kontaktlege i spesialisthelsetenesta

Dersom du har ein alvorleg sjukdom som skal behandlast eller følgjast opp over ei viss tid, vil sjukehuset vurdere om du har rett å få tildelt ein kontaktlege. Denne legen vil ha eit særskild ansvar før å følgje deg opp i spesialisthelsetenesta. Du vil få melding frå sjukehuset når du får ein kontaktlege. Sjå meir informasjon på helsenorge.no/rettigheter/kontaktlege​.

Du kan velje behandlingsstad

Som pasient har du rett til å velje behandlingsstad. Det vil seie at du som utgangspunkt har rett til å velje kva offentleg eller privat verksemd som skal vurdere tilvisinga di, og at du har rett til å velje kvar du seinare skal få utgreiing eller behandling. Denne ordninga gjeld alle offentlege og nokre private behandlingsstader i Noreg. 

helsenorge.no/velg-behandlingssted  finn du oversyn over behandlingsstader du kan velje blant. Ønskjer du å finne ut meir om kva du kan velje eller vil ha råd og rettleiing, kan du kontakte fastlegen din. Du kan òg ringe rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon 23 32 70 00

Du har rett til å velje kvar du vil bli behandla, men ikkje til å velje nivået på behandlinga. Du kan til dømes ikkje velje meir spesialisert behandling enn den du får tilbod om.

Fristbrot

Når du har fått ein frist for helsehjelp, skal behandlingsstaden informere deg om denne fristen gjeld for å starte utgreiing eller om den gjeld for behandling. Dersom behandlingsstaden oppdagar at den ikkje klarar å halde fristen, skal den straks kontakte HELFO pasientformidling. HELFO vil deretter kontakte deg for å undersøkje om du ønskjer tilbod på ein annan behandlingsstad. Behandlingsstaden kan gje helseopplysingar om deg til HELFO utan at reglane for teieplikt hindrar det. Dette gjeld berre opplysingar som er naudsynte for at HELFO skal kunne finne eit alternativt tilbod til deg innan forsvarleg tid. 

Om du ikkje ønskjer å få behandling ein annan stad, kan du velje å framleis stå på venteliste ved den fyrste behandlingsstaden. Om du har spørsmål, kan du kontakte rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon 23 32 70 00.

Eigendel

Barn under 16 år betalar ikkje eigendel. Meir informasjon om frikort og eigendelar finn du på helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester eller du kan ringe rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon 23 32 70 00.

Rett til å klage

Dersom du meiner du ikkje har fått oppfylt rettane dine  som pasient, kan du klage. Du kan mellom anna klage på at du ikkje får rett til naudsynt helsehjelp, og på den fristen som er sett for når utgreiinga eller behandlinga seinast skal byrje. Du kan òg klage om du ikkje får den behandlingsstaden du ønskjer. Du må sende skriftleg klage til den behandlingsstaden som har vurdert tilvisinga di. Dersom behandlingsstaden held fast på sin vurdering, skal den sende klagen din vidare til Statsforvaltaren. 

Fristen for å klage er fire veker frå du blei kjend med eller burde ha vore kjend med avgjerda. Du kan anten klage sjølv, eller gi andre fullmakt til å klage på vegne av deg. Dersom du gir andre muntleg fullmakt til å klage på vegne av deg, må det fremgå av klagen at det er ditt ønskje å klage på avslaget.

Vern av din helseinformasjon

Helsepersonellet kan dele din helseinformasjon dersom det er naudsynt for at du skal få forsvarleg helsehjelp, men du har rett til å motsetje deg dette. Gi då melding om dette til behandlingsstaden.

Pasientreiser – reise til og frå behandlingsstad

Du kan ha rett til å få dekka naudsynte utgifter når du skal reise til og frå offentleg godkjent behandlingsstad. I utgangspunktet gjennomførar du reisen på eigenhand og søkjer om godtgjerelse for reiseutgiftane i etterkant. Born under 16 år betalar ikkje eigenandel. Du kan lese meir om pasientreisar og søkje om dekning av reiseutgiftar på helsenorge.no/pasientreiser​.

Det er høgare eigenandel på reise dersom du veljer ein institusjon utanfor eigen helseregion når det finst behandlingstilbod i eigen region. 

​Dersom du av helseårsakar treng tilrettelagd transport, må du kontakte den som har tilvist deg for å få rekvisisjon. Er det trafikale årsakar til at du ikkje kan nytte offentleg transport eller du treng fly på strekninga, må du kontakte det lokale pasientreisekontoret ditt på telefon  915 05 515.

Pasient- og brukarombod

Pasient- og brukarombodet skal mellom anna ta vare på pasientanes behov, interesser og rettstryggleik. Du kan kontakte ombodet når du treng råd og informasjon om dine rettar. Dei kan òg hjelpe deg med å nytte klageretten din. Alle fylke har pasient- og brukarombod, sjå helsenorge.no/pasient-og-brukerombudet

Tolk

Du har rett til gratis tolk dersom du treng det. Gi melding til sjukehuset eller behandlingsstaden i god tid før oppmøte om du har behov for og ønskjer tolk. 

For meir informasjon om dine rettar som pasient, sjå helsenorge.no/rettigheter​ eller du kan ringe rettleiingstelefonen for helsenorge.no på telefon 23 32 70 00. 

For pasient- og brukerrettighetsloven, kan du sjå her.​​

ReHabiliteringstelefonen 800 300 61 (måndag til fredag kl. 09:00 -15:00)
Landsdekkande telefonteneste som gir informasjon, råd og rettleiing om habilitering- og rehabiliteringstenestertil pasientar, pårørande og helsepersonell.

Det er dei regionale koordinerende einingane for habilitering og rehabilitering som samarbeider om drift av ReHabiliteringstelefonen. Tenesten besvares av helsepersonell.


Kontaktinformasjon

Elektronisk tilvising i Norsk helsenett adresseregister:
Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun)

Sjukehusa skal sende tilvisinga direkte til den aktuelle institusjonen utan å gå via vurderingseininga.

Om ein ikkje kan sende elektronisk kan ein sende tilvisinga til:

Regional vurderingseining for rehabilitering
Østre Nesttunvei 2
5221 NESTTUN

Telefon: 55 91 85 40

Telefontid

Kl. 08.00-11.30 og 12.30-15.00

Last updated 9/30/2024