Regional koordinerande eining (RKE)
Regional koordinerande eining (RKE) i Helse Vest er lagt til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Gjennom samarbeid med dei koordinerande einingane (KE) i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde søkjer RKE å synleggjera det det samla tilbodet innan habilitering – og rehabiliteringstenester i helseregionen via eigen nettportal. RKE betener også den landsdekkjande Informasjonstelefonen for ReHabilitering – 800 300 61 som er ei teneste for pasientar, pårørande og helsepersonell. KE i sjukehusa skal ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen, og vere kontaktpunkt for samarbeid med kommunane. KE har også overordna ansvar for individuell plan og koordinator.
Her finn du aktuell informasjon om rehabiliteringstilbod i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde og ved private rehabiliteringsinstitusjonar.
Habiliteringstilbod i Helse Vest-regionen
Her finn du aktuell informasjon om habiliteringstilbod i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde og ved private rehabiliteringsinstitusjonar.
Last updated 6/24/2024