Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, DSAEK: Descemet Stripping Automated Endothelial Keratoplasty.

Hornhinnetransplantasjon, bakre lamellær

Her fjernar ein  det innarste laget av hornhinna som blir erstatta av ein lamelle beståande av 1/5 tjukkleik av det innarste laget av ei givarhornhinne. Lamellen blir løfta på plass inne i forkammeret av auga med ei luftboble og pasienten må ligge på ryggen dei første timane, for at luftbobla skal kunne halde lamellen på plass til han sug seg fast.

Operasjonen blir nytta  når det innarste «pumpelaget» av hornhinna blir grå/kvitt og ikkje lenger fungerer, og væske hopar seg opp i hornhinna i staden for å bli pumpa tilbake inn i auga. Dette blir kalla hornhinneheving og gir tåkete syn, omtrent som å sjå gjennom eit ruglete badevindauga. Nokon pasientar får blærer som sprekk på overflata med ei stikkande smerte etterfølgt av ruskkjensle. Ein byter altså berre ut den delen av hornhinna som ikkje fungerer. Det føreset då at dei resterande laga av hornhinna er i orden og utan uklarheiter. Det er ikkje alltid ein lukkast med å få lamellen til å feste seg eller pumpe og då må det i neste omgang gjerast ein  gjennomgåande hornhinnetransplantasjon.

For at vi best mulig skal kunne vurdere søknadene og planlegge undersøkelser og behandling hos oss, må vi vite en del om pasienten. Henvisningene skal derfor inneholde opplysninger om:

Navn, fullt fødselsnummer og telefonnummer

  • Forslag til diagnose
  • Pasientens problem, varighet
  • Undersøkelse av begge øynene. Dette forutsettes gjort hos henvisende øyelege
  • Synsstyrke (inkludert refrasjon)/øyetrykk
  • Videre vil vi alltid ha opplysninger om andre sykdommer som kan påvirke øynene, for eksempel diabetes.
For alle pasienter der det kan bli aktuelt med operasjon trenger vi opplysninger om andre sykdommer. Dette gjelder spesielt ved mulighet for behov for narkose:

  • Hjertesykdom?
  • Lungesykdom?
  • Allergier?
  • Allmenntilstand?
  • Kan pasienten f. eks gå opp 1 etasje uten problemer?
Dersom henvisende lege har liste over pasientens faste medisiner vil vi ha denne sammen med henvisningen.

Selv vil vi prøve å gi tilbakemelding om pasienten til henvisende lege så fort som mulig. Behandlingen av pasienten er stadig mer avhengig av et godt samarbeid mellom flere aktører.

Før

Vanlegvis er ein innlagt på pasienthotellet 4-7 dagar. Dersom ein ikkje klarer seg sjølv,  kan ein eventuelt vere innlagt på sengeposten. Innkomstdagen blir ein skriven  inn, undersøkt og har samtale med sjukepleiar, vakthavande lege og kirurg. Det blir utlevert nokre medisinar  og augedråpar  som skal takast i forkant av operasjonen. 

Under

Dag to er det operasjon, som tar rundt 2 timar. Dei aller fleste blir operert  med lokalbedøving, nokre få med narkose. Pasienten får roande medisin på førehand og har venflon i armen, slik at det er lett å supplere med medisin undervegs ved behov. Augemusklane er bedøva og auga blir halde ope med ei lita sperre, slik at pasienten ikkje treng tenkje på å halde auga ope eller i riktig posisjon. Det blir sett eit par  sting i hornhinna for å lukke instrumentopningane, men desse pleier ikkje gi noko ubehag. Dei blir fjerna  etter eit par månader. Viss det har blitt hornhinnesår under operasjonen blir det lagt på ei stor, blaut  kontaktlinse. Auga blir beskytta  med eit plastskjold etter operasjonen.

Etter ein time eller to med strengt sengeleie på ryggen blir pasienten undersøkt av kirurgen for å sjå om lamellen ligg på plass. Viss ikkje er det tilbake på operasjonsstova for reposisjonering og injeksjon av ny luftboble. Resten av dagen og natta er det ein fordel å ligge mykje på rygg, slik at luftbobla kan halde fram med  å presse lamellen på plass. Men ein kan vere litt oppe.

Etter

Det er normalt med litt sårheit, ruskkjensle og lett svie etter operasjonen, men det pleier ikkje vere mykje smerter. Nokre pasientar får trykksmerter i auga i løpet av første døgnet. Det kjennest som press i auga, hovudpine på den aktuelle sida og eventuelt kvalme. Då er det viktig å gi beskjed til sjukepleiar slik at trykket kan senkast. Ein får dagleg legeundersøking og kjem innom sengeposten for å få medisinar og eventuelt hjelp til å dryppe auga 4 gongar dagleg.

Etter utskriving

Ein held fram med å dryppe auga 4 gongar dagleg i 4 månader, deretter x 3 i ein månad, x 2 i ein månad og x 1 på ubestemt tid. Første månaden bruker ein også prednisolontablettar. Normalt er det kontroll hos augelege etter ein månad og deretter kvar 3. månad i to år. Stinga kan fjernast hos eigen augelege. 
Synet er vanlegvis svært tåkete til å begynne med og klarnar forhåpentlegvis gradvis i løpet av eit par månader.

Ver merksam

Forsiktigheit

Dersom synet brått blir meir tåkete og / eller auga blir raudt, er det viktig å ta kontakt med augelegen sin raskt, fordi det kan vere transplantatreaksjon i utvikling. Viss ein får starta behandling i løpet av ein dag eller to er det håp om å redde transplantatet. 

Det er ikkje klokt å bade i basseng eller sjø så lenge stinga sit i hornhinna, pga risiko for hornhinnebetennelse.

Det er ingen avgrensingar i fysisk aktivitet etter utskriving frå sjukehuset.

Risiko med inngrepet

Risikoen for transplantatreaksjon er ca. 10 prosent. 
Under operasjonen er det ein minimal risiko for spontan, kraftig bløding i auga, som i verste fall kan føre til at ein blir blind.
Viss ein har hatt herpesvirusbetennelse i det aktuelle auga er det risiko for at slik betennelse kan komme igjen og resultere i uklart transplantat. 
Så lenge det er sting i hornhinna er det også auka risiko for hornhinnebetennelse.

Kontakt

Augebygget Augeavdelinga

Kontakt Augeavdelinga

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.