På fødeavdelinga gir vi fødselshjelp til kvinner, som har hatt normale svangerskap og som ventar eit friskt barn. Du kan føda ved Voss fødeavdeling etter fullgåtte 36 veker. Keisarsnitt vert utført av fødselslege når det er medisinske grunnar for det - både akutt og planlagt. Vår hovudoppgåve er å leggje til rette for ei god fødselsoppleving der me vektlegg det normale fødselsforløp, samt tilstreber ein god start for det nyfødde bornet og familien.
Voss føde-/barselavdeling 2 fødestover og 10 barselsenger fordelt på 2 sengsrom og einerom. Vi tilstreber at far/ ledsager skal få vera med mor og barn eit døger etter fødselen. Dersom det er fullt på avdelinga, får diverre ikkje far/ ledsager overnatte.
Jordmødrene arbeider sjølvstendig og har ansvar for ultralydscreening, fødselshjelp og barne og barselstell i samarbeid med hjelpe-/barnepleiar.
På avdelinga møter du også spesialist i fødselshjelp (gynekolog). Anestesi- og operasjonspersonale er tilgjengeleg til ei kvar tid.
Ved Voss fødeavdeling arbeider vi for å ta vare på dei fødane ut frå den enkelte sitt ønskje, behov og situasjon. Dette følgjer vi så sant det ikkje er i strid med det som er praktisk mogeleg, samt medisinsk og etisk forsvarleg.