Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
deltaker som klatrer

Energiteamet PBU

Energiteamet PBU gir tilbod om fysisk aktivitet til barn og unge knytt til Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge.

​"Frå me blir fødde er menneske i rørsle. Barn bruker rørsle til kommunikasjon lenge før verbalt språk. Rørsle er svært viktig i formidling og bearbeiding av kjensler. Saman med andre skaper rørsle samhald og tryggleik, både med og utan kroppskontakt. Læring av nye motoriske eigenskapar skaper glede og meistring. Aktivitet er viktig for helse, og det førebyggjar både somatisk og psykisk sjukdom. "              

- ​Paul Joachim Bloch Thorsen

Dette er noko av bakgrunnen for at Energiteamet PBU bruker fysisk aktivitet i eit integrert tilbod til barn og unge med psykiske vanskar. Aktivitetane våre finn stad i dei flotte lokala i Energisenteret for barn og unge. 

Om tilbodet

Energiteamet PBU bruker fysisk aktivitet som utgreiing, behandling og førebygging av mentale helseplager.
Les meir om tilbodet
Alternativ bildetekst

Våre tilbod i Energiteamet PBU

     

    Kven er vi
    I Energiteamet PBU er kunnskap og personleg engasjement vel så viktig som fagfelt. Energiteamet PBU består av sjukepleiarar, fysioterapeutar og idrettspedagog. Fagleg ansvarlege er seksjonsoverlege Paul Joachim Bloch Thorsen. Teamet har brei og variert erfaring frå psykisk helsearbeid, samt eigenerfaring og trenarerfaring frå ulike idrettar.

    Kontaktinformasjon

    Oppmøtestad
    Har du time hos hos Energiteamet PBU møte du opp i Glasblokkene, ved resepsjonen. 

    Besøksadresse:
    Haukelandsbakken 15 (kart)
    5021 Bergen

    Telefon
    480 19 012
    Telefonen blir hovudsakleg svart på tysdag, torsdag og fredag frå 09:00-14:00, måndag og onsdag frå 09:00-11:00. Utover desse tidene oppmodar me til å senda SMS.

    Andre førespurnader
    For førespurnader som ikkje gjeld trening eller praktiske spørsmål, send e-post til: paul.joachim.bloch.thorsen@helse-bergen.no


    Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsrutar mellom bydelande og sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider. 

    Busstoppa rundt Haukeland:
    Haukeland nord, Haukeland sør, Ibsensgate, og Ulriksdal.

    Nærmaste stoppestad med bybane til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Det er innkjøyring til Glassblokkene frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Glassblokkene. Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar. 

    Meir informasjon om parkering på Haukeland Universitetssjukehus

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glassblokkene innandørs via tunnelsystemet. 



    Energisenteret for barn og unge

    Energisenteret for barn og unge har som mål å auke meistring og fellesskap gjennom fysisk aktivitet og forsking. Senteret sine lokalitetar nyttast på tvers av klinikkar og avdelingar på sjukehuset, deriblant Energiteamet PBU. Ønsker du å vite meir om Energisenteret, kan du trykke her.
    Energisenteret for barn og unge
    bilde av fysioterapeut og barn
      Sist oppdatert 15.05.2023