Hovudmålet med Energiteamet PBU sitt tilbod er at barn og unge skal ha eit sunnare liv med meir aktivitet i kvardagen. I tillegg til meir tradisjonelle behandlingsformer har vi per i dag god dokumentasjon for at regelmessig fysisk aktivitet er verksamt både som førebyggings- og behandlingsstrategi ved enkelte former for psykiske lidingar.
Gruppetilbod
Aktivitetane blir organiserte i grupper med 3-9 barn/ungdommar i kvar gruppe. Gruppene er inndelt i ulike aldersintervall, og pasienten blir plassert i gruppe ut ifrå behov. Dette blir gjort etter vurdering av informasjon frå tilvisinga, samt kva som kjem fram i inntakssamtalen om ønske, mål og behov. Dei ulike gruppene har ulike formål, med fysisk aktivitet som ein felles tråd.
Tilvisning
Alle barn og unge som har eit behandlingstilbod i PBU - poliklinisk eller
inneliggande kan tilvisast til Energiteamet PBU. Tilvisinga blir som regel
send av ansvarleg behandlar eller pasientkoordinator.
Typiske problemstillingar er:
- Angst og/eller depresjon som symptom (ikkje nødvendig med diagnose)
- Manglande meistringsoppleving
- Oppstart av eller behandling med medisinar som kan gje vektauke
- Fysisk aktiv mindre enn 30 min x 5 pr. veke
- Diagnose innan psykose- eller affektive lidingar
- Iso-KMI over 30
Individuelt tilbod
Pasientar som av ulike grunner ikkje kan delta i gruppe, kan per d.d ikke få et individuelt tilbod. Det er foreløpig ikkje kapasitet til dette.