Utgreiing og behandling
Den første kontakten med psykisk helsevern er vanlegvis poliklinisk. Her vert det gjort undersøking og utredning, som er utgangspunkt for vidare behandling. Denne første undersøkinga vert vanlegvis utført i dei allmennpsykiatriske poliklinikkane i Knarvik eller på Tertnes.
Behandlinga er ulike former for samtaleterapi individuelt og / eller i grupper, medisinar, læring av mestringsstrategiar og andre kurstilbod for å auka forståinga av sjukdommen og finna løysingar som kan hjelpa den enkelte.
På Tertnes er det også ein poliklinikk, Tertnes rehabiliteringspoliklinikk, spesielt for personar med psykoseliding. Her er fokuset meistring av lidinga med medisinsk behandling og kartlegging av behov for hjelp og støtte i kvardagen. Vi samarbeider tett med andre etatar, og freistar å få til ordningar med arbeid og utdanning, etablering i bustad og betre sosial fungering. I Nordhordland vert denne pasientgruppa ivareteken av eit eige team i den allmennpsykiatriske poliklinikken.
Poliklinikkane våre har tett samarbeid med sengepostane og kan ordna med innlegging dersom det skulle bli nødvendig.