Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Legar i spesialisering del 1

Kvart halvår tilset Helse Bergen omlag 30 legar i LIS1- stillingar ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus. LIS1-tenesta består av totalt 18 månader, med 12 månader i sjukehus og 6 månader i kommunehelsetenesta.

lis 1 2017/18

Det er oppstart for nye LIS1-legar i februar/mars og august/september.

Korleis og når lyser vi ut stillingane?

Stillingane blir lyst ut på Helsedirektoratet sine sider.

Sjå alle stillingar

Bemanningssenteret gjennomfører rekrutteringsprosessen saman med legar frå sjukehuset og legar frå kommunehelsetenesta.

Vi har dei siste åra hatt mellom 650-700 søkarar til kvart opptak. Alle søknadane blir lest og vurdert og om lag 80 søkarar blir kalla inn til intervju. Intervjua byrjar rett etter at søknadsfristen er gått ut og går føre seg anten ved at søkarane møter opp eller ved digitalt intervju. Vi følger Helsedirektoratet sine fristar ved tilbod om stilling.

Vi tilbyr både todelt teneste (med hovudvekt på medisin eller kirurgi) og tredelt teneste (inkludert psykiatri). 

Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus er eit av dei største sjukehusa i Noreg. Vi har over 14.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til1 pasientane våre. Sjukehuset har både lokale, regionale og nasjonale oppgåver. Vi legg til rette for gode læringsaktivitetar, og tilbyr fagleg og personleg utvikling. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Spesialistutdanninga for LIS1 i Helse Bergen dekker både dei kliniske læringsmåla [HN1] (medisin, kirurgi og psykiatri) og felleskompetansemoduler [HN2].

Sjå anbefalingar frå tidlegare LIS1-legar

Vi forventar at du:

  • møter pasientane med respekt, og at arbeidet ditt er av god kvalitet
  • gjer ditt beste for å bli ein god lege
  • ønsker å utvikle deg fagleg
  • samarbeider godt med alle tilsette til beste for pasienten
  • tar ansvar for eiga læring

Vi ønsker at du skal få ei god oppleving som LIS1 hos oss og at du skal oppnå læringsmåla for ditt utdanningsløp i spesialisthelsetenesta.

For å sikre fagleg progresjon får du tildelt rettleiar som bidrar til at du utviklar deg som lege. Det er ein LIS-koordinator i FOU eininga som har det faglege ansvaret for alle LIS1.

Vi startar med felles opplæringsdagar i Bergen og på Voss før introduksjon og opplæring på avdelingane. Gjennom året blir det fleire gruppemøte for LIS1-kandidatane.​

Haukeland universitetssjukehus har eit rikhaldig bedriftsidrettslag som er ope for alle tilsette

Haukeland sykehus idrettslag

LIS1-tenesta går føre seg i hovudsak i akuttmottak og på dei kliniske avdelingane. I akuttmottaket vil LIS1 ta i mot pasientar, vurdere initial diagnostikk og vidare behandling ved rett avdeling. Dette blir gjort under rettleiing av ein lege i spesialisering. I avdelinga deltar LIS1-legen i den daglege drifta med innkomst av elektive pasientar, legevisitt og utskrivingar av pasientar.

LIS1 legane ved Haukeland universitetssjukehus er tilsett ved Bemanningssenteret og personalansvaret ligg her, medan det faglege ansvaret er hos LIS-koordinator ved FOU-eininga. Ved Voss sjukehus har avdelingsoverlegen ved medisinsk avdeling personalansvar for LIS1.

LIS1 som treng bustad medan dei har teneste tar kontakt med Bustadkontoret ved Haukeland universitetssjukehus.

Les meir på Bustadskontorets nettsider

Peter Lango
Seksjonsleiar LIS1
Telefon 984 88 947

Vil du bli LIS1-lege på Haukeland?

Her kan du sjå anbefalingar og erfaringar frå tidlegare LIS1-legar.
Sjå anbefalingane
hai hguyen
Sist oppdatert 09.10.2023