Søkje bustad
Vi har hyblar, leilegheiter, rekkjehus og einebustadar, for utleige. Alle bustader, med unntak av eienebustader og rekkehus, har tilgang til internett via gjestenett i Helse Bergen.
Kven kan søkje bustad?
Tilsette i Helse Bergen HF kan søke bustad. Nøkkelpersonell blir prioriterte ved tildeling. Vi tar atterhald om retten til å reservere rekkjehusa til barnefamiliar. Søker som ikkje er tilsett i Helse Bergen HF er velkommen til å søke hybel.
Når tildelast bustadene?
Bustadene blir tildelte første veke i kvar månad. Søkar får melding på e-post dersom vi kan oppfylle ditt ønske om bustad.
Ikkje flytte inn likevel?
Dersom du har takka ja til ein leigeavtale og ønskjer å seie frå deg tilbodet før leieperioden har starta, må du melde frå til
Boligkontoret@helse-bergen.no med ein gong. Du vil normalt bli belasta med eit administrasjonsgebyr på kr 1000.
Kansellerer du leigeavtalen mindre enn 2 veker før leigeperioden har starta, gjeld oppsigelsesstida i leigeavtalen.
Våre bustader
Bergen, Haukelandsbakken 44-46
Alle leilegheitene i Haukelandsbakken 44 og 46 har altan, dei fleste med utsikt over byen. Standarden på leiligheitene kan variere. I begge bygga er det felles vaskerom med tørkeplass og tilgang til sykkelbod.
Finn oss på kartet
Bergen, Haukelandsbakken 49
Det er 36 leilegheiter og 82 hyblar i Haukelandsbakken 49. Alle leilegheitene har balkong, dei fleste med utsikt over byen. Standarden på leilegheitene kan variere. Det er felles vaskerom, sykkelbod og opphaldsrom med TV i bygget.
Finn oss på kartet
Bergen, Hunstadsvingen
Barnefamiliar vil bli prioritert ved tildeling av bustad i dei 5 rekkehusa vi har i Hunstadsvingen. Rekkehusa består av to etasjar og har tre soverom, og det er ein parkeringsplass på tomta, til kvart rekkehus.
Finn oss på kartet
Bergen, Nordåsgrenda 176
Bustadene på Nordås består av ei 5-roms leilegheit og ei 1-roms leilegheit. Bustadene ligg i eit veletablert burettslag like ved ReHabiliteringsklinikken på Nordås. Det tar 15 minutter å køyre til Haukeland universitetssjukehus.
Finn oss på kartet
Bjørnafjorden, Hagavik
Det er 27 bustader på Hagevik, fordelt på 18 hyblar og 9 leilegheiter. Dei ligg i to forskjellige bygg på sjukehusområdet, Søsterheimen og Betjeningsbustad. Begge bygga ligg like bak Kysthospitalet, og har kort veg til sjøen.
Hyblane er delvis møblerte og har vask på rommet. Det er felles TV-rom, bad og fullt utstyrt kjøkken.
Alle bustadene har enkel standard.
Finn oss på kartet
Voss
Det er 38 bustader på Voss, fordelt på 28 leilegheiter, 8 rekkehus og 2 einebustader. Leilegheitene har god standard. Alle bustaden har kort gangavstand til sjukehuset.
På Voss kan vi tilby følgjande bustader:
Om leige av bustad
Prisar
Bergen, Haukelandsbakken 44-46
1-roms leilegheit (18+10 kvm), kr. 4950,- pr. mnd
1-roms leilegheit (27 kvm), kr. 5750,- pr. mnd
2-roms leilegheit (35 kvm), kr. 6600,- pr. mnd
2-roms leilegheit (39 kvm), kr. 6800,- pr. mnd
Bergen, Haukelandsbakken 49
Hybel (10 kvm), kr. 3400,- pr. mnd
Hybel m/kjøkken (20 kvm), kr. 4650,- pr. mnd
1-roms leilegheit (35 kvm), kr. 6400,- pr. mnd
2-roms leilegheit (44 kvm), kr. 7600,- pr. mnd
Søknad om parkering i Haukelandsbakken
Leie pr parkeringsplass er kr 500 pr. mnd.
Grunna begrnsa parkeringsplassar må ventetid påreknast.
Bergen, Hunstadsvingen
4-roms rekkjehus (95 kvm), kr. 13 500,- pr. mnd
Ved tildeling av oppussa leiligheit blir det rekna tilleggsleige på kr 400,-.
Bergen (Rådal), Nordåsgrenda 176
1-roms leilegheit (45 kvm), kr 4600,- pr. mnd
5-roms rekkjehus (100 kvm), kr 12 900,- pr. mnd
Hagevik, Hagaviksb. 37 (Søsterheimen)
Hybel (12 eller 15 kvm), kr 2400,- pr. mnd
2-roms leilegheit (40 kvm), kr 4300,- pr. mnd
2-roms leilegheit (45 kvm), kr 4600,- pr. mnd
2-roms leilegheit (68 kvm), kr 5200,- pr. mnd
3-roms leilegheit (52 kvm), kr 5900,- pr. mnd
3-roms leilegheit (120 kvm), kr 7300,- pr. mnd
Hagevik, Hagaviksb. 39 (Beteningsbustad)
2-roms leilegheit (35 kvm), kr 3600,- pr. mnd.
Hybel (12 kvm), kr 2000,- pr. mnd
Straum, varme og fellesvaskeri er inkludert i leigeprisar for hyblar og leilegheiter. Prisar for rekkjehus er ekslusive straum.
Voss, Nedre Mølster 3A, 3B (Søsterheimen)
1-rom, kr 5550,- pr. mnd. inkl. straum
2-roms, kr 6350,- pr. mnd. inkl. straum
Voss, Kleivi
4-roms rekkehus (85 kvm), kr 7900,- pr. mnd. ekskl. straum
Voss, Nedre Mølster 6, 8 (Overlegebustader)
Einebustad, kr 9900,- pr. mnd. ekskl. straum
Flytte inn
Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet om bustad, blir det avtalt via e-post når det er innflytting og korleis nøklar og kontraktar blir leverte. Leiekontrakt blir levert samtidig med overlevering av nøkler.
Husleige
Tilsette i Helse Bergen HF blir trekt i lønn for husleige.
Møbler
Er du tildelt delvis møblert bustad inneheld desse følgande standardutstyr: seng, stol og sofa, lamper, bord, bilde, gardiner, dusjforheng og noko kjøkkenutstyr.
Alle møblerte/umøblerte bustadar er utstyrte med kvitevarer og garderobeskap.
Fellesvaskeri
Vaskerom med vaskemaskin og tørketromlel finn du i alle bygg med leilegheiter/hyblar.
Flytte ut
Her finn du informasjon om kva som skjer når du ønskjer å avslutte leigeforholdet ditt.
Oppseiing av leigeforholdet
Leilegheitene har 3 månadar og hyblar har 1 månad oppseiingstid frå den 1. i påfølgjande månad. Du seier opp ved å sende ein e-post til
boligkontoret@helse-bergen.no
Utvask av bustaden
Når leigetida er over skal leigetakar levere bustaden med tilbehør tilbake til Bustadkontoret, reingjort og i samsvar med leigekontraktens bestemmelser.
Rutinar for utvask av bustaden
Ved utflytting blir bustaden inspisert av representant frå Bustadkontoret med leigetaker til stades. Kontakt Bustadkontoret nokre dagar før du skal flytte ut, for å avtale sjekk av leilegheit/hybelen. Hugs å ta med deg alt som tilhøyrer deg, det gjeld også boss. Det same gjeld dersom du har disponert boden.
Husreglar
Branninnstruks
Alle bebuarar pliktar å lese branninstruksen i bygget dei leigar i.
Dersom brannvarslingsanlegget blir utløyst av uaktsamheit av leigetakar (matlaging etc) vil det bli ilagt eit gebyr på kr 500,-.
Grilling
Av omsyn til brannsikkerheita er det ikkje tillatt å grille på balkong eller altan (gjeld også eingongsgrill).
Feil og manglar
Feil og manglar meldast til driftsleiar på mobil 93 23 04 57 eller på e-post til
boligkontoret@helse-bergen.no
Røyking
Røyking er ikkje tillate i Helse Bergen HF sine bustadar.
Husdyr
Husdyrhald er ikkje tillate i Helse Bergen HF sine bustadar.
Parabol
Det er ikkje tillate å montere parabol ved leilegheita.
Fellesvaskeri
Det er ikkje tillate å nytte fellesvaskeriet mellom kl. 23.00 og 07.00.