Den nevrologiske delen gir tilbod til pasientar med sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nervar eller muskulatur. Den nevrokirurgiske delen gir tilbod til pasientar med misdanningar, sjukdom og skade i det sentrale og perifere nervesystemet.
Poliklinikken samarbeider med Nevrokirurgisk avdeling og Nevrologisk avdeling og høyrer til Nevroklinikken.
Endringer i Nevrologisk poliklinikk som følgje av Koronavirusepidemien
På grunn av særskilte utfordringer i sjukehuset, og for å redusera smittefare for pasientar og ansette, ynskjer Nevrologisk poliklinikk, Haukeland universitetssjukehus å avgrensa oppmøte i poliklinikken i ein periode (førebels fram til påske). Det vil bli vurdert om konsultasjonane kan gjerast pr. telefon eller kan utsetjast. Du vil bli kontakta dersom timen din vert endra.
Personar med nevrologiske sjukdommar kan vere ekstra utsett på grunn av nedsett helsetilstand, dette gjeld særleg dei med nedsett lungefunksjon. Styresmaktene tilrår avgrensa reising for å hindra spreiing av smitte. Vi tilrår å følgja rådet frå styresmaktene og viser til følgjande informasjonslenker:
https://helsenorge.no/koronavirus
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/
Om poliklinikken
Vi har ca. 20 000 polikliniske konsultasjonar årleg.
Poliklinikken har oppretta klinikkar for nokre av dei nevrologiske sjukdomsgruppene, som ALS, muskelsjukdomar og tumorpasientar. Desse klinikkane består av tverrfaglege team. Pasientane kan sjølv påverke / bestemme kven av dei ulike yrkesgruppene dei ynskjer å snakka med ved konsultasjonen.
Poliklinikken er ein lukka poliklinikk. Det vil seia at alle pasientar må ha tilvising frå lege for å få time ved poliklinikken. Mange pasientar kjem også til kontroll.
Einskilde legar som er knytta til poliklinikken har faste poliklinikkdager. I poliklinikken jobbar for tida 4 kontortilsette, 5 sjukepleiarar i deltidsstillingar og eit varierande tal med legar.
Det er alltid sjukepleiar tilgjengeleg for pasientane på poliklinikken som kan svara på spørsmål knytt til ulike nevrologiske sjukdomar eller nevrokirurgiske tilstander.