Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Attakk-telefonen

Menneske med multippel sklerose (MS) har oftast eit attakkprega sjukdomsbilete, med subakutte forverringar som kan vare i veker eller månader. Det er vanleg at sjukdommen gir slike utslag i mange år. Varigheita av eit MS-attakk kan forkortast med iv. methylprednisolon (Solu-Medrol) behandling.

En mann og en kvinne som smiler

​Kontaktinformasjon

Telefon 
MS-attakk 55 97 46 46
​Du får snakke med sjukepleiar

Tele​fontider
Måndag-fredag kl 09.00-14.00​​

Usikkerheit rundt MS-attakk

Ei spørjeundersøking av MS-pasientar ved Nevrologisk poliklinikk på HUS viste at mange pasientar er usikre på korleis eit MS-attakk skal definerast og kven dei skal kontakte når dei trur dei har eit attakk. For å betre tilbodet til MS-pasientane har Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus etablert ein eigen «attakk-telefon». 

Attakk-telefonen er open alle kvardagar på dagtid og skal berre nyttast ved spørsmål om MS-attakk. Informasjon om attakk-telefonen er også sendt per brev til aktuelle MS-pasientar. Brevet inneheld informasjon som kan hjelpe pasienten å skilje mellom teikn på infeksjon og kjenneteikn på eit mogeleg MS-attakk. Pasientar med MS som trur dei kan ha eit attakk, kan ringje 55974646. 

Funksjonskartlegging

Ein sjukepleiar ved Nevrologisk dagpost vil gjere ei standardisert funksjonskartlegging av pasientane som ringjer attakk-telefonen. Sjukepleiaren skal avkrefte moglege infeksjon hos pasienten. Dersom ein konkluderer med at problemet kan skuldast ein infeksjon, vil pasienten bli beden om å kontakte fastlegen sin. Når pasienten ikkje har infeksjon, kontaktar sjukepleiaren nevrologisk bakvakt, og pasienten blir lagt inn ved Nevrologisk avdeling. Fastlegen får informasjon per brev anten pasienten blir lagt inn eller ikkje. 

Som tidlegare kan fastlegar ringe sjukehuset for direkte kontakt med nevrologisk bakvakt. Fastlegar er også velkomne til å bruke attakk-telefonen dersom dei ønsker det.​

Sist oppdatert 28.05.2018