Akuttmottak
Akuttmottak er ei eining under Mottaksklinikken. Vi tar imot pasientar med alt frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade, og handterer både medisinske og kirurgiske tilstander. I gjennomsnitt kjem det 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år.
Alle pasientar får ein hastegrad
Alle pasientar i Akuttmottak blir ved innkomst vurdert ved hjelp av SATS Norge, eit verktøy for å vurdere og prioritere pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp.
Vurderinga tar utgangspunkt i pasienten sine symptom og kliniske tilstand (puls, blodtrykk, pustefrekvens med meir). Ut frå desse vert det sett ein hastegrad som seier noko om kor raskt pasienten treng tilsyn frå lege.
Vidare behandling
Ein del pasientar kan skrivast ut frå sjukehuset direkte frå Akuttmottak. Om opphaldet i Akuttmottak er kortvarig, reknast det som ein poliklinisk time, og ein vil få tilsendt ein faktura for dette i ettertid.
Pasientar som blir innlagt, vert overført til ein av einingane i Mottaksklinikken eller til ein spesialeining:
- Korttidsposten i Mottaksklinikken ligg vegg i vegg med Akuttmottak i 1. etasje i Sentralblokka. Her kjem pasientar som treng observasjon og behandling i eit døgns tid før ein tar stilling til om dei treng vidare innlegging eller kan skrivast ut.
- Utreiingsmottak (UMO) 1 og 2 ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Dei to einingane er del av Mottaksklinikken og tar imot:
- Pasientar med uavklarte tilstander, eller
- Pasientar som ein reknar med kan skrivast ut frå sjukehuset innan få dagar.
- Spesialeiningar i sjukehuset (som hjarte- , lunge-, og kreftavdeling, kirurgiske einingar osv) tar imot pasientar med sjukdom som krev fagspesifikk utgreiing og behandling. Pasientar frå UMO som treng lenger opphald i sjukehuset, kan bli overflytta til ei av spesialeiningane.
- Intensiv- og overvakingsavdelingar, (Intensiv, MIO (Medisinsk intensiv og overvaking), ROE (respiratorisk overvakingseining), Postoperativ avdeling, med fleire) tar imot akutt og kritisk sjuke pasientar direkte frå Akuttmottak.