Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

For pasient og pårørande

Når du kjem til Akuttmottak

Om du kjem til Akuttmottak med eigen transport, finn du oss opp ein etasje frå inngangen ved å følgje skilt og raud stripe i golvet i 1. etasje.

Ta kontakt med sekretær/koordinator i luka når du er framme. 

Første vurdering og ventetid i Akuttmottak 

Ut frå symptom og klinisk tilstand (puls, blodtrykk, pustefrekvens og meir) får du ein hastegrad kort etter at du kjem til Akuttmottak. 

Pasientar med høg hastegrad har behov for behandling straks, og vil bli tatt imot av lege og sjukepleiar på eige rom.

Andre pasientar med lågare hastegrad kan måtte vente litt før dei får sjukepleiar og lege. Nokon gonger kan du vente i triage-området, andre gonger vil du bli bedt om å vente på venterommet.  

Undersøking og behandling

Etter vurdering av hastegrad blir du flytta til eit undersøkingsrom. Her får du grundig vurdering og samtale med lege og sjukepleiar, og tar blodprøver og andre nødvendige prøver som urinprøve eller EKG. Om du treng undersøkingar som røntgen eller CT kan dei ofte bli tatt i Akuttmottak.  

Vidare behandling i sjukehuset

Etter vurdering av tilstanden din bestemmer legen om du treng innlegging i sjukehuset eller ikkje. Om du blir innlagt, blir du overført til ein sengeeining i sjukehuset.  

Poliklinisk time i Akuttmottak og eigenandel

Om du ikkje treng innlegging i sjukehuset, blir du skriven ut direkte frå Akuttmottak.

Opphaldet i Akuttmottak reknast som ein poliklinisk time om du berre var der i kort tid. Du vil då få tilsendt faktura for timen og for eventuelle røntgenundersøkingar. (Unntatt hvis du har frikort, då betaler du ingenting.)

Sist oppdatert 20.12.2023