Ved Seksjon for blodsjukdommar greier vi ut og behandlar pasientar med mistanke om eller påviste blodsjukdommar frå heile Helse Bergen sitt opptaksområde
Meir om oss
Seksjonen har også regional funksjon for handtering av ei rekke blodsjukdommar og fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon (beinmargstransplantasjon). Seksjonen følger opp pasientar med etablerte blodsjukdommar ved poliklinikken. Seksjonen har stort fokus på informasjon om sjukdommar til pasientar og pårørande.
Seksjonen har eitt av dei mest aktive forskingsmiljøa i helseregionen. Vi driv både med grunnforsking og klinisk forsking.
Organisering
Seksjonen har ein sengepost (Medisin 5 Nord) for utgreiing og behandling av inneliggande pasientar og til dagbehandling. Seksjonen deler ein stor poliklinisk aktivitet med dei andre seksjonane ved Medisinsk klinikk.
Legar ved seksjonen:
Per i dag har seksjonen åtte overlegar, to av desse er professorar. Seksjonen har fire legar i spesialisering og éin turnuslege.
Behandlingar
Kliniske studer ved seksjonen
Pasientar kan delta i ei rekke kliniske studier ved seksjonen.
Sjå oversikten over kliniske studer
Forsking
Sjukdomar som blir behandla og forska på ved Haukeland universitetssjukehus.
Forskingsbiobank for blodsjukdommar
Forskingsrutiner i Helse Bergen og UiB
Her finn du Helse Bergen og Universitetet i Bergen sitt felles internkontrollsystem for medisinsk og helsefagleg forsking