Blodgiver gir blod. Foto

Blodbanken

Til alle våre blodgivarar:

Under Sykkel-VM, som blir arrangert i Bergen 16. - 24. september, kan det bli utfordrande å komme til Blodbanken. For dei som ikkje har moglegheit til å komme til Blodbanken under Sykkel-VM ønskar vi at du kjem enten veka før eller veka etter.

Opningstida på Blodbanken under Sykkel-VM:
Måndag, tysdag og fredag: 07.00 – 15.00
Onsdag og torsdag: 07.00 – 19.00 

Meir informasjon om Sykkel-VM


Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig. Det kan heller ikkje lagrast lenge. Derfor treng vi jamt påfyll for at Blodbanken ikkje ​skal gå tom. 

Blodet frå blodgivarane våre blir bearbeida og delt i ulike blodprodukt; raude blodceller, blodplater og plasma. Blod frå ein givar kan dermed hjelpe 3 pasientar.  ​

Registrer deg som blodgivar

Fakta om Blod​​​​banken 

Blodbanken ved Haukeland universitetssjukehus er den største blodbanken på Vestlandet. 
Blodbanken er ein del av Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Det er i underkant av 100 tilsette ved avdelinga, og vi har både bioingeniørar, sjukepleiarar, legar, kontorpersonale og assistentar.

Kva gjer vi?

Blodbanken produserer blodprodukt og utfører transfusjonsmedisinske analyser. I tillegg blir det utført ei rekke immunologiske analyser, diagnostikk av blodkreft og stamcelletransplantasjonar. 
  
Forsking er ein viktig del av arbeidet på eit universitetssjukehus, og vi har ei rekke forskingsprosjekt.​
  
Vi har cirka 23.000 blodgivningar og cirka 800 blodplategivningar per år. 
  
Blodprodukta vi produserer blir brukt på Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass Diakonale sykehus, Kysthospitalet Hagavik, samt på utvalde sjukeheimar i Bergen. 
 
Blod og blodplater tappa i Bergen blir også brukt til pasientar på Voss sjukehus og Førde sentralsjukehus.

Opningstider


Blodbanken Haukeland universitetssjukehus
Besøksadresse: Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
Telefon: 55 97 30 17
Telefontid kl. 07.30-15.00

 
Mailer besvares mån-fred 07.30 - 15.00. Mailer sendt utenfor denne tiden blir ikke sett eller besvart før neste virkedag. Om du skal melde om sykdom innen 48 timer etter tapping, er det viktig at du ringer vakttelefonen: 55 97 24 70 om det er utenom kontortid.                                 

​Opningstider - blodgiving:

Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 07.30-15.00
Onsdag​ kl. 12.00-19.00​

Tysdag 26.09.17 er åpningstiden 07.30 - 13.00 grunnet seminar.

Blodbussen​ ​høyrer til Blodbanken ved Haukeland universitetssjukehus, hvert stoppested har egne åpningstider.

​​Blodbanken Voss sjukehus​

Adresse: Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
Telefon: 56 53 36 96
Telefontid kl. 08.00-15.30

E-post: vossblodbank@helse-bergen.no

Film​​ og foto 

Her finn du bilder og filmer frå Blodbanken

Sjå bilder frå Blodbanken på Flickr.com

Filmar  

​​​​