Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

SOReg-dagen 2023

SOReg dagen vart avvikla 26. mai på Clarion Hotel Bergen Airport.Takk til alle som kom på SOReg-dagen 2023.

Publisert 15.06.2023
Sist oppdatert 21.06.2023

Dagen starta med presentasjon og vurdering av årsrapporten for 2022 fylgt av utdeling av SOReg-prisen for 2022. Vinnaren vart Sykehuset i Vestfold for høgast svarprosent på PROM i 2022.

Det vart ein gjennomgang av vanlege spørsmål ved plotting i SOReg og repetisjon av registrering av revisjonsoperasjonar. Sjukehusvisaren sine moglegheiter vart vist samt ein demonstrasjon av Rapporteket som kjem til hausten.

Representant frå Landsforeningen for overvektige hadde eit innlegg om pasientane si oppleving av SOReg.

Fedme og kreft var hovudtema i den faglege delen. Paula Berstad frå Kreftregisteret presenterte samanhengen mellom kreft og fedme. Usman Saeed frå UiO fortalde om fedme og kreft i GI-traktus. Eivind Ness-Jenssen frå Levanger og NTNU snakka om utfordringar ved prosjektet «Morbiditet, mortalitet og kreftrisiko etter fedmekirurgi».

Til slutt oppdaterte Villy Våge oss angåande Sleeve-pex studien. Fransisco Gòmez Real frå Kvinneklinikken, Helse Bergen hadde innlegg om gravide fedmeopererte og Villy Våge orienterte om status for prosjektet «Endring i risikofaktorar for alvorleg covid-19 etter fedmekirurgi».


Program SOReg-dagen 2023


Presentasjonar:

Årsrapport og SOReg-pris – Villy Våge, registerleiar SOReg

Vanlege spørsmål ved registrering – Stina Hanson, koordinator SOReg

Pasientane si oppleving av SOReg – Eva Aarskog, Landsforeningen for overvektige

Samanhengen mellom fedme og kreft – Paula Berstad, Kreftregisteret

Morbiditet, mortalitet og kreftrisiko etter fedmekirurgi – Eivind Ness-Jensen, Levanger og NTNU

Sleeve-pex studien, ein oppdatering – Villy Våge

Gravide fedmeopererte – Fransisco Gomez Real, Kvinneklinikken, Helse Bergen 

Endring i risikofaktorar for alvorleg covid-19 etter fedmekirurgi – Villy Våge