Fra 21. januar 2019 er "Seksjon for generell gynekologi" og "Seksjon for gynekologisk kreft" slått sammen til "Gynekologi og gynekologisk kreft".
Generell gynekologi
Vi tar imot deg som skal gjennomføre ein planlagt operasjon, eller om du treng akutt behandling. Hos oss vil du få individuell informasjon, oppfølging og behandling. Ein stor del av pasientutgreiinga skjer ved;
Andre tilknytta einingar:
Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar
- Ulike komplikasjonar dei første 24 vekene av svangerskapet. For eksempel; svangerskapskvalme, spontanabort, planlagt abort og komplikasjonar knytt til assistert befruktning.
- Ulike komplikasjonar etter fødsel
- Utgreiing og behandling av blødingsforstyrringar
- Underlivsinfeksjonar
- Underlivssmerter
- Operasjon grunna urinlekkasje
- Operasjon grunna skjedeframfall og nedsunken livmor
- Utgreiing av svulstar i bekkenet
Tilvising
Du må ha tilvising frå fastlege / legevakt / spesialist for å kome til oss. Det er lege ved Innleggingskontoret ved Kvinneklinikken som avgjer kor raskt du kjem til oss.
Planlagde operasjonar
Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege, anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.
Dagkirurgi
På Kvinneklinikken er det ei dagkirurgisk eining med 8 senger. Her utfører vi mindre gynekologiske inngrep som til dømes urininkontinens, sterilisering og undersøking i narkose.
Informasjon om bedøving
Les meir om «Trygg kirurgi»
Gynekologisk kreft
Pasientane våre kjem frå heile landet, men dei aller fleste kjem frå Vestland og Rogaland.
Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar
- Kreft i eggstokk eller eggleiar
- Kreft i livmor
- Celleforandringar i livmorhalsen
- Kreft i livmorhalsen
- Smertebehandling
- Behandling og omsorg ved livets slutt (i samarbeid med smerteklinikken)
Pasientinformasjon ved operasjon
Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege og anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut.
Undersøking i narkose (pdf)
Operasjon i narkose (pdf)
Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.
Besøkstid
På sengepost har vi fleksibel besøkstid.
Våre einingar
Sengepost
Våre pasientar er kvinner med kreft i underlivet. Nokon er ferdigbehandla etter opphaldet hos oss, medan nokon treng meir behandling. Vi tar imot kvinner som treng symptomlindring og lindrande behandling.
Vi har 14 sengeplassar.
Dagposten
Vi gir behandling med cellegift / cytostatika til kvinner med gynekologisk kreft. Vi har 6 behandlingsplassar.
Cytostatikapoliklinikken
Her kjem kvinner til poliklinisk undersøking i samband med cellegiftbehandling.
Studiesenter
Vi har eit eige studiesenter der vi i samarbeid med andre land forskar på best mogeleg cellegiftbehandling. Det kan hende at du som pasient vil få førespurnad om å vere med i ein studie.
Vardesenteret
Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget (vegg i vegg med Sentralblokka i sjukehusparken).
Brukarorganisasjonar