Fysioterapi ved Kvinneklinikken og Augeavdelinga

Fysioterapeutane ved Kvinneklinikken har ansvaret for fysioterapitilbodet til pasientar ved Kvinneklinikken og Augeavdelinga. Vi rettleier, undersøker og behandlar inneliggjande pasientar.

​Seksjonsleiar: Vibeke Dreyer, 
Tlf.55 97 52 80, vibeke.dreyer@helse-bergen.no

Inneliggjande pasientar:

Gynekologiske avdelingar:

Pasientar ved kreftavdelinga vert prioritert, og dei har tilbod om oppfølging i alle faser av sjukdommen. Dette inkluderer lindrande behandling og vurdering/ behandling av lymfødem. Ved operasjonar får pasientar informasjon og rettleiing før og etter inngrepet.
Ved gynekologisk post 2 og post 3 får pasientar informasjon på pasientskule eller individuelt før operasjonen. Dette gjeld kvinner som skal opererast for framfall og urinlekkasje. Kun ved særskilte behov vert det gjeve oppfølging etter operasjon.

Barselavdelinga: 

Pasientar ved barselavdelinga får rettleiing og instruksjon. Barselkvinner med særskilte behov som keisarsnitt, rifter i bekkenbotn, bekkenløysing og anna, får individuell rettleiing/behandling. Det vert og gjeve rettleiing til foreldre når barnet treng oppfølging av fysioterapeut, til dømes ved fotdeformitet og skade på nerveplexus.

Vi kan formidle time til kontroll av barn hjå kommunefysioterapeut eller på Fysioterapiavdelinga ved Barneklinikken.

Kvinner som skal forløysast med planlagt keisarsnitt får muntleg og skriftleg rettleiing på pasientskule eller individuel..

I særskilte høve vert fysioterapi rekvirert til pasientar som er innlagde ved Observasjonsposten for gravide og ved Augeavdelinga.​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.