Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bedøvelse

Bedøving

Anestesi (=bedøving) er nødvendig for å gjennomgå operasjonar og nokon undersøkingar. Spesialutdanna legar og sjukepleiarar har ansvar for anestesien. Nokon inngrep kan bli utført etter at nervane til ein del av kroppen er bedøva (regional anestesi). Operasjonar i hovud, hals, bryst og bukhole krev narkose (generell anestesi). Anestesimetodane kan kombinerast. Regionalanestesi blir også brukt til smertebehandling etter større operasjonar.

Brosjyre: "Informasjon om b​​edøvelse" (pdf)​

Brosjyre: "nformasjon til foreldre med barn på intensiv"​ (pdf)

Før ein planlagd anestesi:

kjem anestesilege eller -sjukepleiar og snakkar med deg. Ho eller han vil gjerne vite om du har erfaringar frå tidlegare anestesiar, kva for ein fysisk form du er i, om du har problem med nakken, kjeven eller tennene, alkoholforbruk og om du eventuelt er gravid eller om du ammar. Tilleggsundersøkingar av hjarte eller lungefunksjon kan bli nødvendig.

Ved nokon inngrep er det muleg å velje mellom ulike anestesimetodar. Anestesilegen foreslår ein metode, og du får informasjon om denne. Etter samtalen blir det dokumentert at du har godtatt den planlagde anestesien. 

Dersom du ikkje skal reise heim igjen same dag, kan du, om du ønskjer det, få ein avslappande tablett 1-2 timar før du kjem til operasjonsstova. Hos mange vil denne medisinen føre til at dei ikkje hugsar det som skjer dei nærmaste 1-2 timane.

Vent med å ta faste morgonmedisinar eller injeksjonar til du er på sjukehuset på operasjonsdagen. Da vil postsjukepleiar hjelpe deg å plukke ut dei rette medisinane etter anestesilegen sitt råd. Ved kortvarige inngrep blir det også ofte gitt smertestillande tablettar eller stikkpiller på førehand.

Det er ikkje noko godt utgangspunkt for ein stor operasjon å ha underskot på væske og næring, med samtidig er det viktig for din eigen tryggleik at magesekken er tom når du får bedøving. 


Vi følgjer desse reglane: 

  • Du må ikkje ete mat dei siste seks timane før ein planlagd operasjon. Klare væsker (saft, te og kaffi utan mjølk) kan du drikke inntil to timar før.
  • Tablettar kan svelgjast med nokon slurkar vatn inntil ein time før narkose.
  • Du kan redusere risikoen for komplikasjonar etter operasjonen ved å slutte å røyke seks til åtte veker på førehand. I alle tilfelle må du ikkje røyke på operasjonsdagen. Be eventuelt om røykeplaster.

Anestesimetodar og mulege biverknader

Regionalanestesi

går ut på at nervane som leier smerte frå den aktuelle delen av kroppen er bedøva. Kjensle av trykk og berøring kan vere intakt. Du vil ikkje kunne sjå sjølve operasjonen, men i nokon tilfelle kan du, dersom du ønskjer det, følgje med på ein TV-skjerm (sjå inn i ledd og urinvegar). Dersom du ønskjer kan du få berolegande medisin slik at du slumrar under operasjonen. Alternativt kan du høyre på musikk.

Dei vanlegaste regionalanestesiane er:
Plexusanestesi, som medfører bedøving av nervane til armar og eventuelt skuldra. Bedøvingsmiddelet skuvast inn under huda på halsen eller i armhola. Til hjelp for å finne nervane kan anestesilegen bruke ein nervestimulator som sender ut svak straum. Når nåla er i nærleiken av ein nerve vil denne bli stimulert og musklar vil trekkje seg saman.

Det finnast to typar regionale ryggbedøvingar: spinal- og epiduralbedøving.

Spinal- og epiduralbedøving  varer oftast tre til seks timar, avhengig av mengda bedøvingsmiddel som er gitt. Ikkje berre smerteførande nervar, med også nervar til musklar i beina blir bedøva. Dette fører til at du mistar muskelkrafta i beina i nokon timar.​

Spinalbedøving

Spinalbedøving kan bli etterfølgd av ei spesiell type hovudpine (postspinal) som blir verre i oppreist stilling og blir betre når du ligg. I dag er dette sjeldan (om lag ein prosent). Postspinal hovudpine går som oftast over av seg sjølv i løpet av nokon dagar. Det finnast behandling for dei som er mest plaga. Dersom du får postspinal hovudpine etter heimreise, kan vakthavande anestesilege kontaktast via sentralbordet til sjukehuset.

Epiduralbedøving

Epiduralbedøving kan vare så lenge ein ønskjer, fordi det blir lagt inn ein millimetertynn plastslange (eit kateter) til påfylling av bedøvingsmiddel. Epiduralanestesi blir også brukt mykje som smertelindring etter operasjonar og ved fødslar. Smertelindring og grad av nedsett muskelkraft varierer med kvar kateteret blir lagt i ryggen, og med medikamentdoseringa. Postspinal hovudpine kan i sjeldne tilfelle opptre også etter epiduralbedøving.

Ein meir vanleg plage etter ryggbedøving er forbigåande ubehag i ryggen. Dei som har dårleg rygg frå før av er mest utsett. 

Samanhengen mellom ryggbedøving og ryggplager er uklar. Dersom du er engsteleg for ryggen din bør du drøfte med anestesilegen om narkose er eit betre val for deg.

Bedøving av nervar, men også narkose, kan i svært sjeldne tilfelle føre til langvarig eller varig nerveskade. Det kan vere at ein føler seg nummen i eit bedøva område, og i enda sjeldnare tilfelle, kjensle av at ein er lam. Alvorleg skade på nervar etter ryggbedøving skuldast som regel bløding eller infeksjon. Pasientar som bruker full dose eller tar fleire typar blodtynnande medisin, bør vanlegvis ikkje få ryggbedøving. Det same gjeld dei få som har medført svikt i blodet si evne til å levre seg.

Epiduralkateter som smertelindring etter operasjonar blir vanlegvis ikkje brukt meir enn tre-fire dagar, for å minske faren for infeksjon.

Dersom du dei nærmaste dagane etter ei bedøving i ryggen merkar unormalt sterke smerter, nedsett kjensle eller at du kjenner deg lam i føtene, kan dette vere eit teikn på infeksjon, og du må snarast kontakte anestesilege. Ved tidleg behandling kan ein unngå varig skade.​

Generell anestesi

- eller narkose, er ei form for djup bevisstløyse. Narkosen blir som regel starta med ei dose smertestillande medisin, etterfølgd av sovemedisin rett inn i blodåra (intravenøst) samtidig som du pustar surstoff frå ei maske. Deretter blir det brukt narkosegass eller eit intravenøst sovemiddel. Ved ein del operasjonar trengs det også eit middel som lammar musklane. Når du er bevisstlaus må anestesipersonell sørge for at luftvegen er open og at mageinnhald ikkje kjem ned i lungene. 

Dette kan ein sørge for på ulike måtar. Ein kan føre eit plastrør ned i luftvegane. Dette heiter intubasjon. Hos om lag ein prosent av befolkninga er dette vanskeleg, og tenner kan bli skadd, spesielt dersom dei er lause eller i dårleg stand. Skader på tenner under narkose skal vurderast av sjukehuset sin tannlege.

Alvorlege komplikasjonar ved narkose er sjeldan hos friske personar. Dersom du er sjuk og/ eller gammal, er ein større operasjon i narkose ei belasting for kroppen, og det er risiko for komplikasjonar som til dømes lungebetennelse og hjarteinfarkt. Mange eldre blir forbigåande forvirra etter operasjonar. Hos pasientar over 60 år opplever om lag seks prosent varig noko svekka hukommelse. Årsaka til dette er ukjent, men dess eldre du er, dess større er risikoen.​

Etter narkose

- ein kortvarig narkose vil dei fleste vere vakne og i stand til å reise heim, dersom operasjonen eller undersøkinga tillet det. Etter ein langvarig narkose, og dersom det er bruk for sterke smertestillande medisinar, er mange trøytte og søv mykje. Om lag 30 prosent er plaga av kvalme. Sei i frå dersom du blir lett bilsjuk eller dersom du har kasta opp etter tidlegare anestesiar, slik at vi kan bruke førebyggande medisinar. Etter ryggbedøving bør du ha hatt normal kjensle i beina ein times tid før du står opp. Be om hjelp når du skal ut av senga første gongen.

Til slutt

- vil vi understreke at anestesien er trygt og ufarleg for dei aller fleste. Ein anestesisjukepleiar har til ein kvar tid som einaste oppgåve å passe på deg, anten du har regionalanestesi eller narkose. ​​
Sist oppdatert 27.09.2016