Dei fleste av fødslane på Føde B er ukompliserte og vi legg vekt på at fødselen skal skje så normalt som mogleg. Men Føde B har saman med Føde A også regionalt ansvar for risikofødslar. Derfor er vi utstyrt, organisert og bemanna til å ta vare på deg som skal gjennom ein fødsel med auka risiko.
Føde B har fire fødestover med avansert medisinsk-teknisk utstyr.
Sjå video frå oss:
Etter fødselen
Når du har født blir du, barnet og far / følge verande på fødestova i nokre timar. Deretter blir de overført til eit av barselromma våre.
Har du født ved hjelp av keisarsnitt, blir du overflytta til oppvakningsavdelinga i 2. etasje etter operasjonen. Om du er i form til det, kan barnet ditt vere med deg deler av tida du ligg her. Då kan du også prøve å komme i gang med å amme den vesle. På oppvakningsavdelinga blir du liggjande nokre timar til observasjon, før du blir flytta vidare tilbake til Føde B.
Det er kapasitet og behov som styrer om far / følge kan få vere saman med deg og den nyfødde heile døgnet. Om de ligg på enkeltrom, vil det vanlegvis ikkje vere eit problem at far / følge og kan overnatte i lag med mor og barn.
Ro og kvile for mor og barn
Vi oppmodar om at alle mobiltelefonar er sett på lydlaus. Ro og kvile er to viktige faktorar for ei god barseltid. Erfaringane våre viser at mange mobilsamtaler, eigne og andre sine, kan vere forstyrrande.
Barseltida på Føde B
Vi prioriterer å støtte og hjelpe mor og far/følge, så dei skal føle seg trygg på mating og stell av den nyfødde før heimreise. Ammerettleiing blir særleg vektlagt. Barnet vil bli undersøkt av barnelege før heimreise. Då er det fint om du er til stades. Du kan stille spørsmål og ta opp ting du meiner det er viktig at barnelegen kjenner til. Tid for heimreise vert planlagt samen med deg. Før heimreise får du informasjon om kor og kven du kan ta kontakt med om du treng rettleiing, råd eller hjelp etter heimkomsten. Les mer om barseltida
Til deg som reiser tidleg heim etter fødsel
Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken dei første fem dagane etter fødsel. Nokre vil bli følgt opp i heimen med besøk av jordmor, andre vil få oppfølging ved Poliklinikk for gravide, mor og barn.
Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.
Du kan ringe barseltelefonen dei første dagane etter du har komen heim; om du har spørsmål eller treng råd og rettleiing i forhold til barnet eller deg sjølv. Denne tenesta kan du bruke om du treng råd eller rettleiing straks – og ikkje kan vente til neste kontroll på Barselpoliklinikken eller helsestasjonen.
Barseltelefon 41 49 90 42
Blir du eller barnet ditt akutt sjuke – ta kontakt med legevakta. Om det hastar - ring 113.
Visittid kun for dei næraste
Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at mor og barn får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og ha nok tid og ro til å komme i gong med bl.a. amminga. Vi ser at kvinnene som har fødd, blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til dei aller næraste. Den første tida heime bør óg avgrensast til dei aller næraste.