Sjå vår informasjonsvideo frå Fødeavdelinga:
Alle typar fødslar
Avdelinga har òg regionalt ansvar for risikofødslar som premature, fleirlingefødslar, vaginale setefødslar og for gravide med medisinske eller sosiale faktorar som kan påverke fødsel og / eller barseltida. Derfor er vi utstyrt, organisert og bemanna til å ta vare på deg som skal gjennom ein fødsel med auka risiko. Avdelinga har også ansvar for dei gravide som har komplikasjonar i svangerskapet som gjer at dei treng å vere innlagt på sjukehus (tidlegare Observasjonspost for gravide).
Føde A har ei eiga operasjonsstove på avdelinga. I tillegg har vi åtte fødestover med avansert medisinsk-teknisk utstyr.
Etter fødselen
Når du har født hos oss, blir du verande på fødestova i nokre timar og du kan ha den som følgjer deg hos deg heile tida. Deretter blir du overført til barseldelen av Føde A, som ligg i ei anna etasje enn fødestova.
Har du født ved hjelp av keisarsnitt, blir du overflytta til oppvakningsavdelinga i 2. etasje etter operasjonen. Om du føler deg i form til det, kan barnet ditt vere med deg deler av tida du ligg her. Då kan du også prøve å komme i gang med å amme den vesle. På oppvakningsavdelinga blir du liggjande nokre timar til observasjon, før du blir flytta vidare til barselromma som høyrer til Føde A.
Visittid kun for dei næraste
Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og ha nok tid og ro til å komme i gong med amminga.
Vi ser at kvinnene som har fødd blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til dei aller næraste. Den første tida heime bør óg avgrensast til dei aller næraste.