Hode/hals og auge avdeling er ein kirurgisk sengepost med 27 senger og 3 fagområde: Øyre-nase-hals, kjeve og auge. Avdelinga har regionalt behandlingsansvar for pasientar med kreft i hode/hals. Det er ei avdeling med høgt fagleg nivå innan fleire fagfelt med stor variasjon i sjukepleiefaglege prosedyrar.
Vi har hovudansvar for tracheostomi pasientar på sjukehuset, og ein del pasientar blir innlagde frå Intensiv avdeling. Derfor har vi fokus på overvakingskompetanse og undervisning i forhold til akutte situasjonar. Sengeposten har innført NEWS og ISBAR.
Fagleg utvikling:
Vi deltek i «Overvakingskompetanseprogrammet», og er med i stipendordning for vidareutdanning i kreftsjukepleie. I samarbeid med fagsjukepleiaren vår sørgjer vi for at sjekklister, kompetanseplanar og faglege retningslinjer er oppdaterte.
HMS:
Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og eit bra »team samarbeid» med legegruppene. Klinikken har også fleire årlege HMS-dagar i godt samarbeid med verneomboda våre.