Innlegging for vaksne

Både dei som skal bu i sengeposten og på Haukeland Hotell under oppholdet møtar i sengepost i 3. etasje på innleggingsdagen. Vaksne som skal innleggast i sengeposten i samband med ein operasjon kjem vanlegvis dagen før operasjon til innlegging.

sengerom augeavdelinga.foto
 

​Innleggingsdagen 

Du henvender deg i vår ekspedisjon der postsekretær skriv deg inn i avdelinga.

Du må pårekna ein del venting denne dagen, men vi har trivelege venteareal med tv-stue og lesestoff, te og kaffe.

Først har du ein innkomstsamtale med sjukepleiar, deretter blir du undersøkt av vakthavende lege,  og til sist har du eventuelt ein samtale med kirurg og/eller anestesipersonale.

Nokre pasientar skal og få utført en EKG-måling, ulike augemålingar i poliklinikken, eller ta blodprøver innkomstdagen.

  • Du treng ikkje  møte fastande, et frukost som vanleg før du kjem til sjukehuset 
  • Det vil for dei fleste ikkje bli operasjon den dagen du blir innlagd, det vanlegste er at operasjon skjer påfølgande dag
  • Dersom du skal bu på pasienthotellet under oppholdet møter du ved Augeavdelinga først, før du sjekker inn på hotellet
  • Ta ikkje med deg unødige verdisaker


 Ta med deg

  • Medisiner du bruker fast
  • Klesskift, toalettsaker og innesko


Vi tilbyr deg

  • Buffetservering til alle måltida
  • Internettilgang i deler av våre fellesareal
  • TV-stue
  • Radio på alle pasientrom
  • Besøk av pasientbiblioteket for utlån av bøker og lydbøker kvar veke
  • Leikerom for barn 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.