Augeavdelinga har eige leikerom i sengeposten, itillegg er der eit leikerom i 2.etg der mange av legekontara er.
Planlagd innlegging for narkose
I innkallingsbrevet finn dykk informasjon om oppmøtedag og tidspunkt.
Oppmøte er i sengepost 3.etg, for registrering hos vår postsekretær i ekspedisjonen. Dei som skal bu på pasienthotellet møtar først på sengeposten for registrering der.
Det må påreknast noko venting innleggingsdagen; samtale med sjukepleiar, augelege og anestesipersonale skal gjennomførast.
Etter dette kan barnet og føresette dra heim i permisjon eller til pasienthotellet, og møtar fastande til avtalt tid operasjonsdagen.
Akutt innlegging
Ved akutt innlegging i samband med skade eller sjukdom blir barnet og føresette tatt imot av vakthavande lege og sjukepleiar, og alt etter kva behandling som trengs blir de verande i sengepost eller får bu på pasienthotellet.
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål angående ein planlagd innlegging eller behov for å endra time, kontakt Augeavdelingas telefonsentral 55974100.