Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleirregional behandlingsteneste for leppe-kjeve-ganespalte

Praktisk informasjon for sjukehusopphaldet

Eit barn med leppe-kjeve-ganespalte vil gå gjennom ein del undersøkingar og operasjonar i åras løp. Her har vi samla praktisk informasjon for sjukehusopphaldet.

Barnemaleri på vegg. Foto

​​​​​Overnatting

Vi kan tilby ein av foreldra overnatting og mat sammen med barnet. Om den andre forelderen også ønsker å vere med, må ein betale reise og opphald sjølve. Elles kan ein vere på sjukehuset så mykje de ønsker.

Kontakt Sosionomavdelinga for meir informasjon om rett til økonomisk stønad, pasientrettar og lovverk 

Les meir om rettar og moglegheiter

Måltid

Det er bufféservering på posten. Frå innleggingsdagen kan pasienten og ein pårørande forsyne seg med mat og drikke. Tidspunkt for måltida finn du informasjon om på sengeposten.

Haukeland hotell

Dei som bur på hotellet under opphaldet får alle måltida der. Blir det vanskeleg å rekkje måltida grunna undersøkingar, samtale med lege eller anna behandling, er det mogeleg å få satt av mat. Du må då kontakte hotellet på telefon 55 97 68 00. Ved utreisedag må ein sjekke ut av hotellet innan kl. 12.00.

Parkering

Parkeringsutgiftar for innleggingsdag og utskrivingsdag blir ikkje dekka av Haukeland universitetssjukehus. Ein kan søkje «Helseforetakenes senter for pasientreiser» om refusjon av​ utgiftane. Søknadsskjema kan ein få i avdelinga.

For opphald med barn under 10 år blir parkeringsutgiftar dekka av Haukeland på dagane mellom innlegging og utskriving. Parkeringsskjema kan ein få av personalet på posten. Dette gjeld kun ein bil om gongen. 

Telefon og internett

Det er mogeleg å bruke eigen mobiltelefon på posten. 

Alle pasientar og besøkjande kan bruke gratis trådlaust internett på oppmerka område på sjukehuset. Areala er merka med skilt ”Trådlaus sone / wireless zone”. 

TV / DVD-spelar og anna spel

Det er TV og DVD-spelar på alle rom. Spelmaskiner, filmar, lydbøker og dataspel kan lånast på posten. Ein kan òg ta med eiga datamaskin. Pasientbiblioteket låner ut bøker og filmar. Pasienten må sjølv syte for å levere desse tilbake.

Skole

Barn som blir liggande over lengre tid får tilbod om skole. Sjukehuset har eigne lærare som har ansvar for undervisinga.

Leikerom

Pasientar og pårørande kan bruke leikerom på posten. Det er viktig at alle tar ansvar og ryddar opp etter seg.

Om behandling av leppe-kjeve-ganespalte

Dei fleste barn fødd med spalte er friske barn som utviklar seg normalt. I barneåra vil dei i større eller mindre grad ha behov for behandling, og i Noreg har vi heldigvis både god kompetanse og lang erfaring med behandling av desse barna. Her har vi samla informasjon om behandling med meir for foreldre og pårørande til barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte.
Les meir om behandlingstilbodet
En gruppe barn som sitter på gress

Barn på sjukehus

Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skole / barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Les meir om tilboda for barn på sjukehus
Et nærbilde av en kvinne som smiler
Sist oppdatert 08.02.2018