Brannskade

Vi har nasjonalt ansvar for å behandle alvorlege brannskadar og brannskaderelaterte lidingar, og vi tar imot pasientar frå heile landet.

Kvart år blir rundt 700 pasientar behandla for brannskadar på norske sjukehus. Dei med mest alvorlege skadar, om lag 100 pasientar kvart år, blir behandla hos oss på Brannskadeavdelinga.

Her blir dei tatt imot av eit tverrfagleg behandlingsteam med plastikkirurg, anestesilege, spesialsjukepleiar, sjukepleiar, fysioterapeut, sosionom, psykiatar, psykolog og prest. 

Fann du det du leita etter?