Om gastroenterologisk kirurgi
Vi brukar både tradisjonelle operasjonsmetodar og moderne minimalt invasive teknikkar. Kikkhullskirurgi er eit eksempel på minimal invasiv operasjonsmetode som blir brukt ved fjerning av galleblære, blindtarm og deler av tjukktarm.
Aktiviteten ved Avdeling for gastro- og akuttkirurgi er delt inn i følgjande område:
- Akuttkirurgi
- Seksjon for øvre gastroenterologisk kirurgi
- Seksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgi
- Seksjon for barnekirurgi
Akuttkirurgi
Her undersøkjer og behandlar vi pasientar med akutt sjukdom som akutte magesmerter, blindtarmbetennelse, gallestein, tarmslyng eller betennelse i tjukktarm.
Seksjon for barnekirurgi
Dei vanlegaste diagnosene innen mage-tarm-kirurgi er blindtarmbetennelse, lyskebrokk, fimose, testisretensjon og vatnbrokk. Les meir på Barnekirurgen sine nettsider
Seksjon for øvre gastroenterologisk kirurgi
Seksjonen har som hovudoppgåve å behandle sjukdommar i matrøyr(øsofagus), lever, bukspyttkjertel (pankreas) galle, magesekk (ventrikkel), tolvfingertarm(duodenum) og milt. Seksjonen tek også hand om pasientar med andre komplekse sjukdommar i matrøyr og gallevegar. Her blir også utført brokk-kirurgi. Les meir om øvre gastrokirurgi
Seksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgi
Seksjonen er spesialisert på normale og kompliserte forandringar av tynn-/tjukk- og endetarm. Dei fleste pasientane blir behandla for kreft eller betennelse i tjukktarm eller endetarm. I tillegg behandlar vi pasientar som har avansert stadium av forstopping og ulike former for endetarmsplager som: Analfistel, analinkontinens, rectumprolaps og hemoroidar. Les meir om kolorektalkirurgi
Faglege konferansar og samarbeidspartnarar
Gastro-patologimøte: Seksjonen har felles møte med gastroenterologane og patologane ein gong i veka der spesielle kasus blir diskutert.
Tverrfagleg kreftmøte: Pasientar med kreft blir drøfta i eit fellesmøte med kreftlegar og røntgenlege kvar tysdag og onsdag.
Sengepostar
Pasientar som blir lagt inn på øyeblikkeleg hjelp blir observert i første omgang på kirurgisk sengepost 3, mens planlagte innleggingar går til kirurgisk sengepost 1.