Kompetanseområde
Seksjonen er inndelt i fire spisskompetanseområde: Øsofagus- og ventrikkelkirurgi, abdominal sarcomkirurgi, pancreaskirurgi og leverkirurgi. Sjå legeressursar.
Poliklinikk
Seksjonen disponerer ressursar på kirurgisk poliklinikk på måndagar og onsdagar. Her blir det utført utgreiingar og vurderingar av nytilviste pasientar og etterkontroll av opererte pasientar.
Endoskopiar
Seksjonen disponerer elektive ressursar på Medisinsk undersøking (gastrolab) for øsofago-gastroskopiar mandag, onsdag og fredag. Seksjonen har også tilgang på to elektive ERCP-ressursar på måndagar og onsdagar. I tillegg kan ERCP-lab ved Medisinsk undersøking brukast på fredagar til hasteundersøkingar. ØH-skopiar kan utførast på døgnbasis.
Operasjonsressursar
Seksjonen disponerer elektivt 4,5 operasjonsstuer per veke på Sentraloperasjonsavdelinga (SOP), to på tysdagar, ein på torsdagar og fredagar. Operasjonsstuene på er stort sett reservert store kreftoperasjonar to dager i veka, mens andre kompliserte inngrep som ikkje eigner seg for dagkirurgi blir gjort på fredagar.
Dagkirurgi
Vi disponerer ei operasjonsstue annankvar fredag på Dagkirurgisk eining. Dei fleste ukompliserte galleoperasjonane og brokkoperasjonane blir utført her.
Laparoskopisk kirurgi
Følgjande prosedyrar blir/ kan utførast: Refluxkirurgi, cholecystectomi, splenektomi, adrenalectomi, gastroenterostomi, ventralhernie kirurgi, distal pancreasreseksjon og explorativ laparoskopi og leverreseksjon.