Legeressursar
Legar ved avdelinga er etablert i kirurgiske team. Kvar veke har dei tverrfagleg tumor-konferanse med drøfting og evaluering av behandlinga som vi gir til våre pasientar. Legane samarbeider med spesialistar frå andre avdelingar og klinikkar. Kritisk sjuke pasientar blir behandla i samarbeid med intensivavdelinga. Ved komplekse operasjonar er det eit tett samarbeid med andre kirurgiske spesialitetar som urologi, karkirugi, gynekologi, ortopedi og plastikkirugi.
Stomiklinikken tar del i oppfølging av pasientar med stomi, driv bekkenbunnstrening og ernæringsrådgjeving.
På poliklinikken har vi moglegheit for endoskopiske undersøkingar som rektoscopi, sigmoideoscopi, biopsitaking og rektal ultralyd.
Samarbeid med andre avdelingar
Avdelinga har eit nært samarbeid med Medisinsk avdeling. Både kirurgiske og medisinske gastro-legar undersøkjer sine eigne pasientar på "Medisinsk undersøking". Her utfører dei undersøkingar med endoskop og endoskopisk intervensjon. Avdeling for akutt –og gastrokirurgi har ansvar for å tildele timar til kirurgiske pasientar.
Diagnosegrupper vi behandlar
Kreftbehandling
- Vondarta og godarta svulst i tjukk- og endetarm
- Residivkirurgi
- Diagnostikk og screening
Proctologi
- Analfistel
- Analinkontinens
- Rectumprolaps
- Hemoroidar
Inflamatoriske tarmsjukdommar
- Morbus Crohn
- Ulcerøs Colitt
Polypper
- Familiær adenomatøs polypose (FAP)
- Andre polyppsjukdommar
Divertikkelsjukdommar
Minimal invasive kirurgi